Hopp til innhold

«Distriktskunnskap ligg ikkje like naturleg for alle»

BALESTRAND (NRK) – Det er eit problem for KrF at partiet ikkje har stortingsrepresentantar frå typiske utkantfylke, seier fylkesleiar Trude Brosvik. Ho krev at det blir oppretta ein distriktskommisjon i partiet.

Tyvand og Brosvik

TRENG DISTRIKTSKOMMISJON: Anders Tyvand (t.v.) og dei andre stortingsrepresentantane for KrF fekk høyra det av fylkesleiar Trude Brosvik (t.h.) for å ikkje ha gode nok kunnskapar om distrikta. Me treng ein distriktskommisjon for å bremsa Regjeringa si sentralisering, meiner Brosvik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Leiar i Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik, tek eit skikkeleg oppgjer med manglande kunnskapar om Distrikts-Norge blant sine eigne på Stortinget:

– Det er eit problem for Kristeleg folkeparti si stortingsgruppe at dei ikkje har representantar frå typiske distriktsfylke, som Sogn og Fjordane, Hedmark, Oppland, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.

Krev distriktskommisjon

For denne breisida mot partiet sine ti fremste folkevalde på Stortinget fekk Brosvik applaus på fylkesårsmøtet i Balestrand.

I Sogn og Fjordane og andre plassar i landet er folk urolege for at politi, høgskular, NAV, tingrettar, fylkesmannskontor og andre institusjonar skal bli sentraliserte vekk. Brosvik meiner ein ny distriktskommisjon i regjeringa sitt støtteparti kan bremsa sentraliseringa i desse reformene:

– Eg utfordrar partiet sentralt til å oppretta ei distriktsgruppe av fylkesleiarane i dei fylka som er utan eigen stortingsrepresentant, og at det blir lagt opp til organiserte møtepunkt mellom denne gruppa og stortingsgruppa, til dømes i framkant av kommuneøkonomiproposisjonsaka i mai og statsbudsjettet på hausten. Det treng me.

«Mykje tyder på at høgskulen bør vera sjølvstendig»

Får full støtte

Fylkesleiaren fekk varm støtte frå årsmøtet. Ein av dei som applauderte var Frode Kleppe Holgersen i Balestrand KrF:

– Det er eit kjempeforslag med ei distriktsgruppe, som skal arbeida tett opp mot stortingsgruppa, slik at ein sikrar at utkantrøystene òg blir høyrde av dei som tek avgjerdene på Stortinget.

I fylkesårsmøtesalen sat stortingsrepresentant Anders Tyvand frå Vestfold. Han er ikkje framand for tanken om ein distriktskommisjon:

– Eg tykkjer forslaget er interessant. Me har ein del fylke som me ikkje har stortingsrepresentantar frå, og då er det avgjerande at me får innspel frå desse. Eg vil difor ta med meg dette forslaget til partileiinga og generalsekretæren.

– Brosvik meiner det skortar på distriktsinnsikta blant dykk KrF-arar på Stortinget. Kva tykkjer du om det?

– Eg trur ikkje eg skal uttala meg om det. Eg trur det er fleire i stortingsgruppa som har solid distriktskompetanse, men samstundes treng me gode innspel frå alle deler av landet. Difor tykkjer eg dette er eit interessant forslag, seier Tyvand.