– Ein må finne ei løysing for å sikre vegane mot trefall

Etter over ei veke med stengd veg mellom Hyen og Sandane, krev Gloppen-ordførar endring. Vegvesenet vil ha grunneigarane på banen.

Tre i vegen ved Devik

STENGDE VEGEN: Store tre rasa ned i vegen ved Devik første nyttårsdag.

Foto: NRK-tipsar

I Gloppen har fylkesveg 615 mellom Hyen og Hestenesøyra vore stengd i fleire dagar etter at store mengder skog bles ned over vegen i stormen første nyttårsdag.

No vil Gloppestad ha ein nasjonal debatt om korleis vegane våre kan sikrast betre også mot denne typen farar.

Leidulf Gloppestad

VIL FINNE EI LØYSING: Leidulf Gloppestad meiner ein må diskutere sikring av vegane betre.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

– Når 350 meter med veg blir stengd og tek straumen til halve Sunnfjord, så er det naturleg å sjå på korleis vi kan sikre vegane betre. Grunneigarar, kommunar, fylke og stat må inn i diskusjonen, seier han.

– Må rydde meir skog

For skipsverftet Brødrene Aa, gav den stengde fylkesveg 615 store konsekvensar. Dagleg leiar, Tor Øyvin Aa, meiner ein må diskutere korleis ein kan hindre at dette skjer igjen.

– Eg meiner at det sjølvsagt må ryddast meir skog. Det er veldig mange stader som har mykje skog opp mot vegen. Nokre stader er det reine allear, det er ikkje særleg fornuftig, seier han.

Aa skjønar at det tek tid å rydde opp, men meiner likevel det ikkje er haldbart at vegen skal bli stengd så lenge.

– Det er ikkje haldbart å stengje vegen i ei veke. Ein bør finne pengar til å rydde skogen, og det må gjerast skikkeleg. For dette er ikkje siste gong vinden vil velte tre.

Problemet, seier han, er kven som faktisk har ansvaret.

– Det er komplekst kven som er eigar og kven som har ansvaret for å rydde skogen. Grunneigarane må på banen, og ein må finne ut kven som har ansvaret, slik at det blir gjort noko her.

Vil at grunneigar tek ansvar

Statens vegvesen eig området på inntil tre meter utanfor riksveg og to og ein halv meter utanfor fylkesveg.

– Det er ikkje så breitt, men det er i utgangspunktet den råderetten vi har. Problemet her er barskog, gjerne der det er planta skog av grantre. Det er ofte grunneigar sitt område, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Grunneigar har ansvar for at tre ikkje skal falle ned på naboeigedommar, men dersom vegvesenet skal fjerne skog på grunneigar sitt område, må dei ha kompensasjon.

– Det beste vil vere om grunneigar tar ansvar og sørgjer for å rydde skogen, seier Finden.