Hopp til innhold

Krev bru om dei skal gje støtte

Askvoll kan støtte Nordic Mining, men då krev dei bru tilbake.

Steinbrotet i Engebøfjellet

Ap- politikar i Askvoll kan gjerne støtte gruveplanane til Nordic Mining i Vevring. Men krev ei bru tilbake.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

- Om Askvoll skal støtte Nordic Mining, vil vi ha bru over Ålesundet mellom Aksvoll og Naustdal i gjengjeld, seier Ap-politikar Venke Nordeide i Askvoll skriv Firda.

Lokal motstand

Folkemøte om gruvedrift

Folkemøte om gruvedrift i Vevring.

Foto: Rune Fossum / NRK
Engebøfjellet

Engebøfjellet der Nordic Mining vil utvinne rutil.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Ivar S. Fossum

Sjefen for gruveselskapet, Ivar Fossum. her på folkemøte i Vevring.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det var under eit folkemøte om Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Engebøfjllet i Vevring at Nordeide kom med utspelet.

Planane til Nordic Mining har møtt massiv lokal motstand. Eit av motargumenta som vert nytta er at det vil kome store mengder gruveavfall i Førdefjorden. Folk på Vevringsida av fjorden meiner dette vil vere svært øydeleggjande for livet i fjorden.

Positv til innspel

Askvoll som ligg på motsett side av fjorden vil også merke konskvensane av dette. Difor var det skipa til folkemøt om saka onsdag.

Sjefen for gruveselskapet, Ivar Fossum, var på møtet og seier dei er positive til alle innspel.

- Men det vi ser først på er å skape i lønnsam næring.