Hopp til innhold

Krev bilferja MF «Lote» tilbake

LOTE (NRK) Oppgitte bilistar vil ha bilferja MF «Lote» tilbake. Også politikarane er provosert etter at NRK i går presenterte utviklinga på E39 ferjesambandet dei siste åra.

Vidar Haugland

OPPGITT: Vidar Haugland reiser ofte med ferja Lote-Anda.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er blitt slik at ein sjekkar på nettet fleire gongar om ferja går, det trengde ein ikkje å tenke på før. Det er direkte trist, seier Vidar Haugland som er på veg til Bergen.

Eidaren nyttar ferja ofte, og likar dårleg utviklinga: Lote-Anda-sambandet stenger stadig oftare, frå søndag til måndag var E39 stengt i nær 20 timar.

Fjord1 leverer stadig dårlegare på sambandet. Medan bilferja MF «Lote» trafikkerte, var det svært sjeldan kanselleringar, dei siste åra er tala mangedobla etter at «superferja» vart flytta til Molde.

Politikarar krev MF «Lote» tilbake

Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp)

KREV MØTE: Leidulf Gloppestad (Sp)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp), har saman med Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) bedt om eit møte med politisk leiing i Samferdsledepartementet. Dei vil ha slutt på at E39-sambandet i fylgje Vegvesenet har blitt det mest stengde av stam- og riksvegferjesambanda.

– Den kortsiktige løysinga for Fjord1 er å få MF «Lote» tilbake med ein gong. Frå 2018 kjem det inn to nye ferjer på Anda-Lote, og då kan dei få bruke MF «Lote» til det dei vil, men no treng vi den ferja, det er udiskutabelt, seier Gloppestad.

MF «Lote» har fire motorar og kan driftast når det går føre seg reparasjon om bord. Den har også større motorkraft. Ferja her skal takle ein avgang kvart 15. minutt. I alt 27 000 avgangar i året, det tærer på materiellet.

– Vil ta saka opp med regjeringa

Lars-Svein Drabløs

UHALDBART: Fylkesleiar Lars Svein Drabløs (Frp).

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Også fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs, meiner at situasjonen ikkje held mål og vil ta saka opp med Samferdsledepartementet.

– Dei bør setje inn ei ekstraferje som vi kan stole på. Det er heilt uhaldbart at det tek nær eit døger å få erstatning på plass.

– Maks uflaks for Fjord1

Tor Kristoffersen.

MAKS UFLAKS: Tor Kristoffersen, regionleiar Fjord1.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Men Fjord1 meiner dei har beredskap. Både MF «Sognefjord» og MF «Vågsøy» skal ligge til kai i Måløy. Men dei to reserveferjene var anten til reparasjon eller vekke dei siste dagane. Regionleiar Tor Kristoffersen sa denne veka til NRK at dei har maks uflaks:

– Det er meininga at med mindre det er andre avløysingsoppdrag så skal desse to ferjene ligge i Måløy. Måndag var det maks uflaks og ein forferdeleg trasig situasjon.

Kristoffersen har sagt til NRK at det må vere opp til Vegvesenet i samarbeid med Fjord1 om dei skal flytte MF «Lote» tilbake til Nordfjord.

– Direkte trist

Vidar Haugland seier mange er avhengige av at ein får orden på tilstandane:

– Dei bør få tilbake MF «Lote» om dei ikkje har noko anna som fungerer betre. Det held ikkje mål med så mange stopp som det har vore her.

Bilferja MF Årdal

MF ÅRDAL: Bilferja Årdal har måtte gi tapt snart 170 gonger sidan fjor sommar.

Foto: Øystein Torheim