Hopp til innhold

Krev betre ferjesamband i ny storkommune

Ordførarane i Balestrand, Sogndal og Leikanger kjem med ei rekkje krav til ny ferjeruter i ferjesambandet som bind dei tre kommunane saman.

El-ferjer frå fjord1, illustrasjonsfoto

TRE EL-FERJER: Kommunane ynskjer seg tre elektriske ferjer som går heile året og gir eit betre og hyppigare ferjetilbod på sambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes mellom Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Foto: ILLUSTRASJON/MULTI MARITIME

Harald Offerdal

KREV BETRE FERJE: Balestrand-ordførar Harald Offerdal (Ap)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ferjesambandet er vår einaste påkopling til den nye kommunen. Om det ikkje vert gjort utbetringar vil vi vere avskoren frå resten av kommunen 15 timar i døgnet, seier Balestrand-ordførar Harald Offerdal.

Saman med ordførarane i Leikanger og Sogndal har han kome med ei rekkje krav til Statens vegvesen om nye ferjer og betre ferjeruter for sambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes.

– Dette er avgjerande om vi vert tvangssamanslegne. Skal den nye kommunen bli funksjonell må det vere ei sjølvfølgje å kunne kome seg hypping rundt, i bu- og arbeidsmarknaden, samt kommunesenteret, seier Offerdal.

Vegvesenet er i ferd med å lyse ut drifta av ferjesambandet med mål om å signere nye kontraktar i 2019 eller 2020.

Ferjesamband Balestrand-sektoren

Vil ha hyppigare avgang, servering og nattferje

I høyringssvaret til Statens vegvesen peikar ordførarane på auke i turisttrafikken, moglegheiter for pendling mellom kommunane og kommunesamanslåing som viktige argument for eit utbetra tilbod.

Dei skriv også at sambandet er eitt av få riksferjesamband utan tjue eller tretti minuttars avgangar.

Dette er forslaga frå kommunane:

  • Kommunane ynskjer tre ferjer heile året med 30 minutts frekvens.

  • Krav om fleire nattferjer, med tre ekstra avgangar.

  • Ny kontraktperiode bør starta frå 1. januar 2019.

  • Balestrand må vidareførast som beredskapskai når vegen mellom Balestrand og Dragsvik er stengt.

  • Ynskjer av miljømessig omsyn elektrisk ferjedrift.

  • Ynskje om servering på ferjene.

  • Behov for ferje tidleg nok for å nå morgonfly på Haukåsen.

I høyringssvaret frå Balestrand kommune skriv dei «første ferje om morgonen frå Dragsvik til Hella er sett opp kl. 06:50. Dette gjer at ein ikkje når morgonflyet frå Haukåsen til Oslo kl. 07:08 [ ...] og Bergen kl. 07:27». Dei kommenterer også behovet for kveldsferjer ein kan kome seg heim med etter til dømes idrettsarrangement.

(Sjå forslaget til rutetabell frå Statens vegvesen under)

Forslag til ny ferjerute for Balestrand-sambandet

NYE AVGANGAR: Dette er forslaget frå Statens vegvesen til nye avgangar frå 2019 eller 2020, kommunane har kome med forslag til fleire avgangar også om natta.

Foto: Statens Vegvesen

Skal vere elektriske ferjer

Politikarane har vedteke at alle nye ferjeanbod for riksvegferjesamband skal stille krav om nullutsleppsteknologi, derfor vil nye ferjer truleg vere el-ferjer.

I forslaget frå vegvesenet er alternativa å behalde dagens ferjerute, to ferjer frå 1. september til 31. mai og tre ferjer frå 1. juni til 31. august. Eller å gå inn for tre ferjer i drift heile året.

– Tre heilårsferjer vil vere betre egna med el-ferjer, for då kan ferjene ha betre tid ved land der dei vert lada opp. Eg forventar at det er dette som vert resultatet, seier ordføraren.

– No har jo staten sett i gong tvangssamanslåing, og skal den nye kommunen fungere, må det og leggast til rette for at det skal fungere, og då forventar vi at staten tek dei kostnadane.

Opp til Samferdsledepartementet

Seksjonsleiar for ferje- og forvaltningssektoren i Statens vegvesen region vest, Anders Sæternes, kan bekrefte at dei har teke imot innspela frå dei tre kommunane.

– Dei vil bli tatt med vidare i saksbehandlinga mot Vegdirektoratet og til slutt Samferdsledepartementet, som slår fast dei endelege rammene for neste kontrakt, seier han.