Politiet trur mannen er ein kriminell nøkkelperson i Sogn, og har beslaglagt dyrt utstyr som Meling no vil at klienten hans skal få att.
Brei etterforsking
Advokat Brynjar Meling. (Foto: Erlend Aas/ Scanpix)
30-åringen, som nyleg slapp fri frå varetekt sist veke, blir etterforska for heleri, narkotika, tjuveri, trugsmål og økonomiske brotsverk, med forgreiningar til storbyane. Politiet meiner mannen i årevis har vore ein kriminell nøkkelperson i Sogn, og har beslaglagt ein bil og dyrt teknisk utstyr til om lag 1,5 millionar kroner.
Ei politikjelde kunngjorde denne veka at mannen no skal takast, om det så berre blir for skattefusk. Det provoserer Brynjar Meling, som seier politiet si oppgåve er å etterforske straffbare forhold, og ikkje å ta menneske.