Hopp til innhold

Krev at ventande får midlertidig arbeidsløyve

Unge Venstre fremjar no krav om at dei sveltestreikande asylsøkjarane i Høyanger og andre som ventar i mottak må få midlertidige arbeidsløyve.

Jacob Bredesen Unge Venstre

KLART KRAV: Jacob Bredesen vonar på støtte frå moderpartiet Venstre i kravet om at det må gjevast arbeidsløyve til ventande på mottaka.

Leiar i Unge Venstre i Sogn og Fjordane, Jacob Bredesen, seier at han har støtte frå sitt eige ungdomsparti i kravet om at noko må gjerast for å hindre at asylsøkjarar og flyktningar blir passive mottakarar i år etter år.

– Eg har sjølv vore på mottak og snakka med folk som ventar og ein av dei tinga dei har sagt til meg er at dei verkeleg vil kome seg ut og delta i samfunnet. Dei vil i arbeid, og eg har stor forståing for at dei er frustrerte. At dei må vente i opptil fire år er alt for lenge, seier Bredesen.

– Eit av dei beste verkemidla

Han vil ikkje forsvare fullt ut dei 24 syrarane i Høyanger si avgjerd om å gå til sveltestreik, men han tenkjer at dette er ein ganske naturleg reaksjon på å måtte vente i månader og år på å få svar på søknadane sine.

– Vi meiner at midlertidig arbeidsløyve er eit godt tiltak. Ein av dei viktigaste tinga er god integrering, og det å arbeide er eit av dei beste verkemidla ein kan bruke til å integrere. Gjennom jobb kan dei verkeleg delta i samfunnet og føle at dei gir noko tilbake.

Sveltestreik i Høyanger

STERK MARKERING: 24 syrarar har dei siste to døgna sveltestreika i Høyanger og har danna ein base på torget i industristaden.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Krev fortgang frå UDI

Eit av krava til dei sveltestreikande i Høyanger er at ventetida for å kome til det såkalla asylintervjuet, der dei får forklare om sin eigen situasjon, må kuttast kraftig ned. Bredesen meiner at ventetida må ned, og at passiviteten i mottaka kan gjerast noko med.

– Dette handlar om menneske som må føle at dei er verd noko. Det å sitje på eit mottak i opptil fire år hadde gjort kven som helst ganske så umotiverte, slår Bredesen fast.

Syrarar sveltestreikar i Høyanger

SVELTESTREIKAR: Dei syriske asylsøkjarane i Høyanger krev fortgang i sakshandsaminga til UDI.