Hopp til innhold

Krev at statsrådane går av

Eksplosjonsulukka i Sløvåg er handtert så dårleg at både helseministeren og miljøministeren bør gå av.

Det meiner leiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Han meiner regjeringa har vist at dei manglar både kompetanse og evne til å handla når det skjer store miljøulukker.

Ordførar Trude Brosvik i Gulen meiner Oddekalv får for fort fram, og ber han vente med raske konklusjonar til ein har fått alle svar på bordet.