Hopp til innhold

Sp krev at staten betalar utgravingar etter gamle gjenstander

Senterpartiet krev at staten må ta rekninga for arkeologiske utgravingar.

utgraving Kvåle

KOSTBARE UTGRAVINGAR: Det kan koste mykje pengar dersom ein utbyggjar finn gamle gjenstander. Her frå ei utgraving på Kvåle. Arkivfoto

Foto: Universitetet i Bergen

I dag er det privatpersonar og bedrifter som må punge ut viss det blir funne fortidsminner på eigedomen.

Liv Signe Navarsete

VIL HA ENDRING: Sp-leiar Liv Signe Navarsete meiner staten må betale for utgravingar.

Foto: Trond Vestre / NRK

No kjem saka truleg opp på partiet sitt landsmøte. Partileiar Liv Signe Navarsete ser behovet for å gjere noko.

– Eg har blitt kontakta fleire gonger av fortvila folk. Det kan gjelde bustadfelt som har blitt skrinlagde fordi private utbyggjarar ikkje har hatt råd til å betale for utgravingar. Det er også næringsdrivande som slit med å stille kapital til dette før eit område kan utviklast, seier Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arkeologiske funn

MANGE FUNN: Gjennom dei seinaste åra har det vore gjort mange spennande oldtidsfunn i Norge. Ikkje alle blir meldt få om til myndigheitene.

Foto: NRK

Held helleristingar og spydspissar skjult

Mange gardbrukarar og grunneigarar har opp gjennom åra skjult unna gjenstandar og kulturminne frå gamle dagar. Forhistoriske løyndommar som aldri vil kome til overflata. Men lova er klinkande klar; Finn du noko slikt, er det staten sin eigedom.

I helga fortalde NRK.no om ein bonde i Sogn som har fleire tusen år gamle helleristningar og pilspissar under jorda si. Dette har familien halde skjult i årevis, i frykt for at arkeologar skulle komme og bandleggje jorda deira. Difor blir løyndommen i familien.

For det er framleis slik at dersom ein oppdagar minne frå svært gamal tid på sin eigedom, så er det grunneigaren og utbyggaren sjølv som må bere kostnadene. I fleire tilfelle snakkar ein om fleire millionar kroner.

Meiner dagens ordning hindrar utbygging

Partileiar Liv Signe Navarsete seier det er landsmøtet som vedtek kva som blir politikken dei neste fire åra.

– Det skal vi gjere i Loen om ein månad. Eg tek for gitt at denne saka blir spelt inn i programarbeidet. Eg forstår kvifor forslaget er fremma.

Ho meiner at staten må inn med pengar og at det må vurderast korleis pengane skal fordelast.

– Om dei skal gå via fylkeskommunen eller andre må vi sjå på. Men i dag ligg det eit stor ansvar på enkeltpersonar som sjølv må betale. I eit tid der vi har bruk for mange fleire bustader, så er dagens ordning med på å hindre utbygging, seier partileiaren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.