Hopp til innhold

Krev at Solvik-Olsen står opp midt på natta for å møte lokale politikarar

Vågsøy Venstre krev at Ketil Solvik-Olsen (Frp) står opp klokka 04 om natta på kaia i Måløy. Dei vil diskutere politikk.

Edvard Iversen

VIL HA MØTE: Det får ikkje hjelpe om det er midt på natta, Edvard Iversen (V) vil jobbe for hamna i Måløy.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Når bakaren er oppe klokka 04 kan vel Solvik-Olsen også klare det, meiner Edvard Iversen i Vågsøy Venstre.

Iversen, som sit i formannskap og kommunestyret, er lite nøgd med at samferdsleministeren planlegg å sove seg forbi Måløy på si rundreise langs heile norskekysten.

Meiner Solvik-Olsen må stå opp

Fredag kveld vitjar Solvik-Olsen Florø, og om natta er planen å ta Hurtigruta til Ålesund, og dermed sove seg forbi Måløy når båten legg seg til kai der 04. Ikkje godt nok, i fylgje Iversen.

Ketil Solvik-Olsen

LITE SØVN: Solvik-Olsen får seg lite søvn om Vågsøy Venstre får viljen sin.

Foto: Olav Heggø / Fotovisjon

– Nei, det synest vi ikkje noko om i Vågsøy. Regjeringa sin politikk er å få meir gods frå land til sjø. Vi synest det er merkeleg at samferdsleministeren ikkje stoppar i Måløy, som kanskje er den største og mest effektive hamna langs kysten, og at han er med Hurtigruta om natta får så vere.

Men klokka er 04 om natta, er det då meining i at han skal stå opp for å sjå seg rundt?

– Eg er rimeleg sikker på at det ville stilt folk frå Nordfjord Hamn på ein eller annan måte for gi han ei orientering. Bakarane er jo tidleg oppe om natta for å kome seg på jobb, og det skulle ikkje vere verre for ein samferdsleminister. Det er viktig for oss å profilere hamna her.

Styreleiar i Nordfjord Hamn IKS, Elisabeth Elliot seier ho har blitt orientert om initiativet frå Edvard Iversen, og at ho gjerne møter Solvik-Olsen om han er viljug til det.

– Solvik-Olsen har alt lange dagar

Men Ketil Solvik-Olsen gir Edvard Iversen lite håp om nattleg møte på kaia i Måløy.

– Vi har fått mange invitasjonar frå heile landet, men vi har ikkje fått invitasjon frå Venstre om å stoppe der. Det er grunnen til at vi søv nokre timar om natta i staden for å ha møte. Denne turen har vore kjent i fleire månader, og det hadde vore greit å få ein invitasjon i posten framfor ei klage gjennom NRK.

På fredag skal Solvik-Olsen etter planen avslutte dagen 02:00 natt til laurdag, og starte programmet att laurdag 07:30.

– Vi har sove ca fire timar dei siste to nettene, så litt søvn er greit å få. Men vi tilpassar reiseplanen vår, så hadde vi fått beskjed i framkant så hadde det kanskje vore mogleg å få til eit møte, men å kome kvelden før og forlange at vi endrar programmet vårt blir litt vanskeleg.

Måløy sentrum

NATT I MÅLØY: Synet av Måløy i grålysninga må vente for Solvik-Olsen.

Foto: Eva Westvik / NRK

- Lov å vere skuffa

Men Edvard Iversen meiner det er lov å vere skuffa når NRK gir han beskjed om at møtet ikkje blir noko av.

– Vi burde nok vore tidlegare på banen, men likevel er det skuffande at han reiser forbi ei så viktig hamn.