Hopp til innhold

Fylkesleiarar krev at valløfte blir følgt opp

Fylkesleiarane Frank Willy Djuvik (Frp) og Arve Mjømen (H) krev at deira eiga regjering held valløfta om Vikafjellstunnelen.

Frank Willy Djuvik og Ketil Solvik-Olsen på Frp sitt fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

SET KRAV: Frank Willy Djuvik, er ved sidan av partifelle Ketil Solvik-Olsen under Frp sitt fylkesårsmøte, ventar at regjeringspartia følgjer opp lovnaden om tunnel gjennom Vikafjellet frå i sommar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Begge parti lokka gjennom i valkampen i fjor med å flytte fram bygginga av tunnelen til før 2018 om dei kom i regjering.

At Frp og Høgre ikkje lenger garanterer dette, likar fylkesleiarane dårleg.

– Eg ventar at regjeringa følgjer opp det som partia sa også før valet. Både KrF, Framstegspartiet og Høgre lova at vi skulle framskunde Vikafjellet. Då ventar eg at Stortinget gjer den endringa og syter for oppstart så snart planlegginga er klar, seier fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik.

Gjennombrot i fjor

Bård Hoksrud

LOVA: Frp og Bård Hoksrud lova raskare tunnel mot at partiet fekk røyster ved Stortingsvalet.

Foto: Sunniva Bornøy/NRK

I Vik har dei gjennom mange tiår kjempa for ein tunnel gjennom verutsette Vikafjellet. Og i juni i fjor kom gjennombrotet då Stortinget vedtok å starte tunnelbygginga kring 2020–22.

Då var både Høgre og Framstegspartiet raskt på bana og lova tidlegare tunnel om dei berre kom i regjering. Bård Hoksrud og Frp gjekk lengst.

– Vi håpar at det er fullt mogleg å komme i gang i 2014/2015, sa han.

Forundrar Mjømen

Kort tid etter kom Hoksrud i regjering, som statssekretær i Samferdsledepartementet.

Arve Mjømen

FORUNDRA: Arve Mjømen (H) er fylkesleiar i Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sju månader etter at valløftet vart gjeve, er både Hoksrud og Linda Helleland Hofstad i Høgre plutseleg blitt vage på kva regjeringa kan gjere for Vikafjellstunnelen.

– Her må vi vente på kva regjeringa vil leggje fram for Stortinget. Så er det opp til dei årlege budsjetta å avgjere kva vi får prioritere, seier Hofstad Helleland i dag.

Slike uttalar forundrar fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen. Han krev at partifellen i regjeringa og på Stortinget står ved lovnadane sine.

– Vi frå Sogn og Fjordane Høgre skal i alle fall gjere alt det vi kan for å følgje det opp, seier Mjømen.