- Dette er ein ekstraordinær dom. Det er ein feilaktig dom som ikkje bør ikkje bli ståande, seier Anda.
Louis Anda
Sparka og spytta
Mot fagdommaren si røyst frikjende Sogn Tingrett mannen for vald trass i at han både skal ha sparka og spytta på kona. Mannen hadde nemleg grunn til å kjenne seg ærekrenkt, meinte dei to meddommarane.
Kravde skilsmisse
Det starta med at kona kom heim frå helgetur, der ho på førehand hadde sagt ho skulle besøke ei venninne. Men så fortel ho at ho i staden har på Bergenstur med ein annan mann. Ho skal ha fortalt kor fint dei to hadde hatt det i byen, og kravde skilsmisse.
- Feil juss
Ein så kraftig provokasjon kan både forklare og forsvare mannen sin valdsbruk, meinte meddommarane.
- Viss vi aksepterer at kvinner som ønskjer å gå ut av eit ekteskap risikerer å bli sparka av mannen, så er det eit signal om at det er legalt som ein provokasjonsgrunn. Dette er eit signal som er faretrugande og urett. Dommen må ankast, for dette er feil juss, meiner Anda.
Ingrid Heggø
Tema i justiskomiteen
Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og medlem av justiskomiteen, Ingrid Heggø, trur dommen i Sogn Tingrett vil bli tema blant justispolitikarane.
Ho er samd med bistandsadvokat Louis Anda at ei endeleg frifinning i valdssaka sender ut heilt feil signal.
- Dette med vald mot kvinner skal fram i lyset og vi vil ha fleire dømde for det. Uansett kor provosert ein er, så har ein ikkje rett til å slå. Difor blir denne dommen veldig feil, seier ho.