Hopp til innhold

Store mengder avfall frå havbruk og fiskeri: Krev at næringa ryddar opp sin eigen plast

Store delar av plastavfallet som blir funne langs kysten stammar frå fiskeri- og havbruksnæringa, meiner dei som samlar inn avfall. No krev miljøforkjemparen Kurt Oddekalv at bransjen sjølv ryddar opp.

Plastrydding utanfor Florø. øya Rota

SAMLAR PLAST: Med skipet "Sheba Queen" reiser Børje Møster og ei gruppe på fem ungdommar langs kysten for å rydde plast. Mykje av avfallet dei finn særleg utanskjers, er fiskerirelatert.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Som leiar i Norges Miljøvernforbund Kurt Oddekalv reiser sjølv på ryddetokt langs kysten.

– Det vi ser langs kysten er at i oppdrettstette område er det mykje oppdrettsdelar som ligg strødd, for næringa har ikkje hatt ei landsomfattande opprydding på restar som slangar, bøyer, flytarar. Eg synest næringa sjølv burde rydde opp i dette, for det skjemmer ut norskekysten.

Kva opprydding det du etterlyser?

– Eg synest at næringa som tener såpass mykje pengar bør bruke nokre kroner på ein nasjonal dugnad på opprydding langs kysten.

Finn mykje avfall

Dei som er med og ryddar kysten for plast melder at mykje av avfallet dei kjem over, stammar frå fiskeri- og havbruksnæringa.

Frå februar til november seglar Børje Møster langs kysten for å rydde plast. Han anslår at kring halvparten av avfallet dei finn utanskjærs, er fiskerirelatert avfall.

– Halvparten er tauverk, fiskereiskapar, flottørar, seier Møster, som meiner dette skuldast at utstyr slit seg eller blir mist.

Kurt Oddekalv

KRITISK TIL OPPDRETTSNÆRINGA: Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet etterlyser ein nasjonal ryddedugnad frå oppdrettsnæringa si side.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Skjemmande

Informasjonssjef Øyvind André Haram i Sjømat Norge, som organiserer aktørar innan fiskeri- og havbruksnæringa, er svært ueinig.

– Eg trur Kurt Oddekalv må ta på seg litt andre briller og verkeleg sjå kva vi gjer langs kysten. Vi har ein rapport frå SINTEF som viser at havbruksnæringa har gjort omfattande tiltak dei siste åra når det gjeld å samle inn avfall frå vår bransje.

Han meiner at dersom ein reiser med båt langs kysten og ser stasjonar med utrangert avfall, så er det heilt naturleg.

– Det er slik vi samlar inn utrangert avfall og utstyr. Vi samlar det på éin plass, og har avtaler med selskap som hentar det til gjenvinning, seier Haram, som inviterer Oddekalv med ut.

– Så kan han få sjå, og få oppdateringar på kva vi gjer i norsk havbruksnæring.

Bevisste

Formann Jarl Magne Silden i Sogn og Fjordane Fiskarlag seier Fiskarlaget er bevisste avfallsproblemet.

– Vi har gjort tiltak for å avgrense dette både blant våre eigne og andre fiskarar, seier Silden, men meiner ordningane alltid kan betrast.

Malin Jacob i foreininga Hold Norge Rent, som arrangerer årlege strandryddedagar, seier 37 prosent av avfallet dei finn kjem frå fiskeri eller maritim sektor.

– Det er ganske mykje, og meir enn det vi finn i resten av verda.

NRK satsar i vår mykje på dei store problema med plastavfall. Mellom anna med den nye serien Planet plast med Line Elvsåshagen.