Hopp til innhold

– Frys fylkesmannsfusjonen, Sanner

LEIKANGER (NRK): Samanslåinga av fylkesmennene må leggjast på is til nye regionar er bestemte, krev Jon Håkon Odd, vertsordførar for 108 utsette fylkesmannsjobbar.

Jon Håkon Odd

UROA FOR STATENS HUS: – Fylkesmannen gir kommunane i Sogn og Fjordane viktig utviklingshjelp og rettleiing og på den måten unike nasjonalt, seier ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er klart eg blir uroa. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ein stor arbeidsgivar i Leikanger og betyr mykje for lokalsamfunnet, seier leikangerordførar Jon Håkon Odd (Ap).

Allereie neste år kan fylkesmannsembetet i fylket vera historie (sjå faktaboks). Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har nemleg starta eit arbeid som kan bety at mange av dagens 17 fylkesmannsembete blir slått saman på nyåret.

– Feil rekkefølgje

Ingenting er bestemt, men ordførar Odd er kritisk til at Regjeringa kan koma til å vedta fylksmannsfusjonar, før Stortinget neste vår skal handsama regionreforma:

– Dette skjer i feil rekkefølgje. Eg er kritisk til at regjeringa prøver å leggja føringar for regionreforma ved å banka ein ny fylkesmannsstruktur fyrst.

Verken Sanner eller andre i den politiske leiinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet kan kommentera saka i påska.

Anne Karin Hamre

VIKTIG MED NÆRLEIK TIL KOMMUNANE: Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner det er avgjerande å ha eit fylkesmannsembete i Sogn og Fjordane òg i framtida.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men Sanner ønskjer som kjent færre og sterkare kommunar – og fylkeskommunar. Blir det mange samanslåingar, meiner han at behovet for rettleiing frå fylkesmennene blir mindre.

Men i Sogn og Fjordane kan framleis trongen for rettleiing vera til stades: 22 av totalt 26 kommunar har skrive under på intensjonsavtalar for nye storkommunar, men alle samanslåingane treng ikkje bli ein realitet, sa fylkesmann Anne Karin Hamre i førre veke.

Førde husar 24 fylkesmannsarbeidsplassar

Hamre møtte for ei veke sidan fylkesordførar Jenny Følling. Der drøfta dei mellom anna det utsette fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane. Etter møtet var Følling uroleg:

– Det kan vera eit nytt bein som blir plukka vekk frå fylket.

Leikanger har dei fleste av dei 135 fylkesmannsarbeidsplassane i Sogn og Fjordane, men også Førde er vertskap for 24 årsverk.

Førdeordførar Olve Grotle ønskjer ikkje å bli intervjua om saka, fordi han kjenner ho mest frå omtale i media.

Men Grotle skriv i ei tekstmelding at han er samd med fylkesmann Hamre når ho peikar på at «me må ha ei offensiv haldning i saka og krevja at fylket vårt må koma ut av prosessen med minst like mange offentlege arbeidsplassar som i dag – og at vi må forventa fleire nasjonale oppgåver til Vestlandet.»

Olve Grotle og Jenny Følling

ULIK TILNÆRMING: Fylkesordførar Jenny Følling (til høgre) har hatt møte med fylkesmann Anne Karin Hamre om fylkesmannsembetet som er i spel. Førdeordførar Olve Grotle (t.v.), som er vert for 24 fylkesmannsårsverk, kjenner saka mest frå omtale i media.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Unike nasjonalt

– Fylkesmannen spelar ei viktig rolle som regional utviklingsaktør i Sogn og Fjordane, seier Jon Håkon Odd

I eit fylke der kommunane har relativt små administrasjonar, meiner leikangerordføraren at Sogn og Fjordane treng ein fylkesmann som gir kommunane viktig utviklingshjelp og rettleiing.

– Der er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane unike nasjonalt. Der dei andre embeta er meir opptekne av tilsyn og kontroll, er fylkesmannen her mykje flinkare til å syta for vekst og utvikling i fylket, seier Odd.