NRK Meny
Normal

Krev at nokon tek ansvar for sex-meldinga til Navarsete

Ein av Senterpartiet sine mest erfarne politikarar krev at den som sende ei grov sexmelding til Liv Signe Navarsete må stå fram.

Kjersti Toppe (Sp) i vandrehallen da Helseminister Bent Høie (H) tirsdag i Stortinget talte om informasjonssikkerhet i Helse sør-øst.

MÅ TA ANSVAR: Det ligg på alle som var i det rommet å ta ansvar for at saka blir avklart, seier Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Hordaland.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Den som har sendt denne meldinga bør sjølvsagt seie ifrå, men også dei andre som var på denne hytteturen har eit ansvar, seier Kjersti Toppe til NRK.

Det var Nationen (bak betalingsmur) som først skreiv om den grove meldinga Liv Signe Navarsete fekk i innboksen sin.

I Messenger-meldinga Navarsete fekk for to år sidan, stod det «Vi har lyst på fitta di». Meldinga blei sendt frå ein fest på ein hyttetur der menn med sentrale verv i Senterpartiet deltok. Meldinga blei sendt frå Facebook-kontoen til ein tidlegare Sp-topp, men ifølgje Navarsete var det ikkje eigaren av kontoen som sende meldinga.

– Dette er ei ganske frykteleg sak for Liv Signe og partiet. Det er uakseptabelt at slik skjer på toppen av norsk politikk, seier Kjersti Toppe, som har vore stortingsrepresentant for Senterpartiet sidan 2009.

– Må bli stilt til ansvar

Ho meiner saka ikkje blir løyst før nokon tek ansvar.

– Det ligg på alle som var i det rommet å ta ansvar for at saka blir avklart. Nokon må bli stilt til ansvar. Og Liv Signe bør få ei orsaking frå partiet og dei som var på den plassen, seier Toppe.

Liv Signe Navarsete er glad for støtta frå Toppe og alle dei andre som dei siste dagane har stilt seg bak henne.

– Det verste med denne saka er at ingen tek ansvar og at han som eigde telefonen melding vart sendt frå blir sitjande med Svarteper. Det er ille. Ein bør vere såpass real at ein står fram og beklagar når ein har gjort noko slikt, seier den tidlegare Sp-leiaren.

Liv Signe Navarsete i debatt

KREV ORSAKING: Ein bør vere såpass real at ein står fram og beklagar når ein har sendt stygge meldingar, seier den tidlegare Sp-leiaren Liv Signe Navarsete.

Foto: NRK

Navarsete forventar at generalsekretæren i Senterpartiet, Knut M. Olsen, gjer kva han kan for å finne ut kven som står bak meldinga.

– Når ein har finne ut kven som står bak, er det naturleg at Sentralstyret blir orientert. På den måten får ein avslutta saka på ein ryddig måte, seier ho.

Vil finne avsendaren

NRK har vore i kontakt med ei rekkje tillitsvalde i Senterpartiet om denne saka og alle utanom Toppe syner til generalsekretær i partiet, Knut M. Olsen.

Olsen har ikkje vore tilgjengeleg for kommentarar ovanfor NRK om kravet frå Toppe, men seier til VG at han vil finne ut kven som sende meldinga.

Han har overteke ansvaret for å kome til botn i saka frå partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Åtte av dei ti mennene som deltok på hytteturen har eller har hatt sentrale verv i partiet.

Ingen har så langt innrømma at dei sende meldinga til Navarsete.

– Målet er å finne ut av kven som sende meldinga og ta i vare dei involverte på best mogleg måte, seier Olsen til avisa.