Hopp til innhold

Ordførarar krev at ambulanse-sak skal på høyring

Ordførarane i Aurland, Askvoll, Balestrand og Hyllestad krev at Helse Førde sender målbilete og modell for ambulansetenesta 2015–2025 på høyring.

Ambulanse

KREV HØYRING: Ordførar reagerer på at dei ikkje er tekne med på råd.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Vi stiller krav om at saka som vert lagt fram for styret i Helse Førde fredag må ut til kommunane på høyring før styret gjer vedtak, seier Aurland-ordførar Noralv Distad.

Han har sendt skriv til styret i Helse Førde saman med ordførarane i Askvoll, Balestrand og Hyllestad.

Ambulansestasjonane i Askvoll, Bremanger, Lavik og Selje kan bli lagde ned i ei omorganisering der Helse Førde ønskjer å konsentrere ambulansetenesta til færre og større stasjonar.

– Framlegget forargar både meg og innbyggarane i Askvoll, seier ordførar Frida Melvær.

– Vi er ein kommune med store avstandar internt, og har i utgangspunktet lange avstandar til legevakt og sjukehus, og då særleg for dei som bur på øyane. Me det opplegget som no er skissert så blir responstida lang.

Meiner det går i retning av sentralisering

Modellen for den nye ambulansetenesta skal leggjast fram til godkjenning i styret for Helse Førde førstkommande fredag.

Noralv Distad

VIL HA AMBULANSEN TILBAKE: Noralv Distad (H) er ordførar i Aurland.

Foto: pressefoto

– Saka om ambulansetenesta er i realiteten ein ambulanseplan der ein går i retning av sentralisering. Dette involverer mange kommunar, og vi er nøydde til å få komme på bana og få gitt synspunkta våre til kjenne, seier Distad.

Dei fire ordførarane peikar på at mange større ulykker har synt at det å komme fram i tide bør vere eit viktig fokusområde.

Dei peikar på at målbiletet syner at det vert auka responstid i område som frå før har svært lang veg til legevakt eller sjukehus.

  • LES OGSÅ:

Vil ha tilbake ambulansen

Distad er svært kritisk til at kommunane ikkje har vorte tekne med på råd.

– Vi har ikkje vorte tekne med i denne prosessen. Helse Førde har tidlegare sagt at det skal vere eit tett samarbeid med kommunane. Men no vel dei å leggje fram ei sak for styret som vi oppfattar som ein ambulanseplan, utan at vi er involverte. Det går ikkje an, seier Distad.

Dei fire ordførarane krev at dokumentet vert sendt ut på høyring.

ASkvollordførar Frida Melvær er stolt over å endeleg kunne smykke seg med sitt eige ordførarkjede.

FOR LANG RESPONSTID: Ordførar i Askvoll, Frida Melvær (H)

– Vi fekk høve til å kommentere noko heilt i starten av prosessen, sidan har vi ikkje høyrt noko frå Helse Førde. Og med det opplegget som vi har fått skissert så er det ikkje lagt opp til at vi skal uttale oss i ei høyring, seier Melvær.

– Vi har mange synspunkt som vi ønskjer å formidle til styret, seier Distad.

Sjølv er han ordførar i ein kommune som i den nye modellen ikkje ligg an til å miste ambulansen. Rett og slett fordi dei ikkje har nokon å miste.

– Sjølv om ambulansestasjonen i Aurland ikkje formelt er nedlagd, har vi ikkje hatt ambulanse på mange år. Vi meiner absolutt vi bør ha ambulanse i kommunen på grunn av lange avstandar og lang responstid, seier Distad.

  • LES OGSÅ:

Må ha høve til å påverke

Han peikar på at kommunen er ein stor reiselivskommune med stor gjennomgangstrafikk. Kommunen har tilbydd seg å byggje ambulansestasjon og leige denne ut til Helse Førde.

– Ingen av desse momenta er med i saka. Det vi ber om er at vi i kommunane må få komme på bana. Denne situasjonen gjeld fleire av kommunane i fylket, seier Distad.

Han fryktar for konsekvensane dersom modellen vert vedteken utan innspel frå kommunane.

– Vi fryktar ei gradvis sentralisering av ambulansetenesta. Det betyr at ein ikkje kan oppfylle dei krava til responstid som staten har lagt opp til tidlegare, og vi som representerer folk ute i distrikta, slepper ikkje til med våre synspunkt. Det går ikkje an, seier Distad.

Han peikar på at denne tenesta er så viktig for alle innbyggjarane i fylket at ein må ha høve til å påverke dei prosessane som er i gang.

Jon Bolstad

SKAL FÅ SEIE SITT: Jon Bolstad er administrerande direktør i Helse Førde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/NRK

I Helse Førde meiner administrerande direktør Jon Bolstad, at kommunane ikkje snytte for å få meine noko i prosessen.

– Skal det ha meining å ha høyring på noko så må det vere konkret. Dei målbiletet vi har handlar lite om kven som skal ha eller ikkje, og kven som eventuelt skal få. Det er ein prosess som kjem i neste steg.

– Då får kommunane sjølvsagt vere med på å meine noko, når ein byrjar å bli konkrete på den einskilde kommune eller område.