Hopp til innhold

Krev ambulansekutt utgreidd

Kommunelege Jan Helge Dale trur ikkje Helse Førde har gjort grundige nok utgreiingar i samband med ambulansekutta.

Ambulansesjåførar

Illustrasjon

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dale krev at Helse Førde dokumenterer at kutta i ambulansetenesta ikkje set liv og helse i fare.

LES OGSÅ: Store ambulansekutt i vente

- Slik vi opplever det, så køyrer dei i alle høve svært høg risiko om dei gjennomfører det som er planlagt. Vi er veldig usikre på om dei har gjort naudsynte risikoanalyser, seier han.

Krev dokumentasjon

Framlegget om å legge ned den eine av to døgnambulansar i Florø vekkjer sterke reaksjonar. Kommunen fekk døgnambulansane då akuttfunksjonen ved nærsjukehuset vart lagt ned.

- Dei må dokumentere at dei kan handtere dei akuttsituasjonane som oppstår hos oss, med fagleg god nok kvalitet. Det trur vi ikkje er mogleg med berre ein døgnambulanse i Florø, og ein dagambulanse vi ikkje veit kor lenge skal vere betjent, seier han.

Avheng av ledige ambulansar

Presset på dei to ambulansane har auka etter at døgnavdelinga ved nærsjukehuset også vart lagt ned. I følgje kommunelegen går oppdraga i eitt. Seinast i førre veke oppstod det ein akuttsituasjon i sentrum på nattestid medan begge ambulansane var ute av kommunen.

DELTA I AMBULANSEDEBATTEN

- I og med at vi ligg i ein utkant med så mykje folk, så avheng vi av å ha bilar ledige, seier Dale.

- Må snakke om det

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, seier at dei har dokumentasjon som syner at det er forsvarleg å kutte den eine døgnambulansen. Han viser til statistikken som viser at det er større aktivitet på dagtid enn om natta.

- Men kommunelegen seier at det er tett med oppdrag heile døgnet.

- Då får vi sette oss ned og sjå på det talmateriale vi har på det, og så må vi diskutere det med legane i Florø, seier Sægrov.