Det står om finjuss og prinsipp når tungvektarar innan oppdrettsnæringa møtest i Fjordane tingrett i november. Eksportselskapet Coast Seafood i Måløy har gjennom ei turbulent historie sidan starten i 1994 utvikla seg til ei pengemaskin for eigarane.
Eigarar har kome og gått, men etter kvart sit Sverre Søraa og Martin Øvrebø - begge tilsette i selskapet frå starten - med full kontroll over selskapet.
Alex Vassbotten var den oppdrettaren som gjekk inn med største eigardel i 1994, og han er framleis aksjonær gjennom Bru Eigedom.
Kjempeutbytte
I fjor fekk aksjonærane i Coast Seafood eit utbytte på 44 millionar kroner, og like etter vedtok selskapet ein retta emisjon eller aksjeutviding der berre dei tidlegare aksjonærane fekk tilbod om nye aksjar.
- Dette gjer vi for å gjere selskapet i stand til å gjere nye investeringar, sa direktør Sverre Søraa i mars i fjor.
Aksjonær Alex Vassbotten i Bru Eigedom var usamd, og meir usamd vart han då verdien på aksjane etter hans meining vart sett for låg.
Bru kjøpte ikkje
Bru Eigedom kjøpte ikkje nye aksjar ved emisjonen - Vassbotten vil ikkje sei kvifor. Dei er no nede på ein eigardel under seks prosent, medan dei i si tid hadde det doble.
Spørsmålet tingretten no skal ta stilling til er om generalforsamlinga i Coast Seafood sette aksjeverdien for lågt og at heile emisjonen dermed er ugyldig. Prinsippet her er så viktig at saka lett kan komme til å gå heilt til topps i rettssystemet.