NRK Meny
Normal

Krev akebakke fjerna

Fire år etter at foreldra ved Vereide skule laga akebakke til ungane krev Riksantikvaren at Gloppen kommune fjernar han.

Årsaka til kravet er at akebakken dekkjer delar av eit gammalt gravfelt.

Foreldrerepresentant ved skulen, Hans Os, meiner oppstyret rundt akebakken er sterkt overdrive.

- Oppstyret undergrev velviljen i bygda til å ta vare på fortidsminne, hevdar Os.

Han vil at kommunen no skal melda saka inn til miljøverndepartementet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune