Hopp til innhold

NHO-sjefen vil ha langt meir av inntektene frå olje og gass

30 prosent av bedriftene her i fylket lever av å levere varer og tenester til olje- og gassindustrien. Men NHO-direktør Jan Atle Stang meiner at langt meir av inntektene må kome heim til Sogn og Fjordane.

Jan Atle Stang

VIL HA MEIR: NHO-direktør Jan Atle Stang meiner at Sogn og Fjordane må få langt større inntekter frå olje- og gassnæringa.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ein stor del av industrien i Sogn og Fjordane får deler av omsetnaden sin frå petroleumsnæringa. Det viser tal frå det nye næringsbarometeret, som vert presentert i Sogndal 15. januar.

– Det er veldig viktig, ikkje minst i høve leverandørindustrien som spreier seg over heile fylket. Det er klart at den hovudaktiviteten som går føre seg på basen i Florø er jo sentral. Dette er veldig viktig for Sogn og Fjordane, seier Jan Atle Stang.

Berre i år vil det bli investert 200 milliardar på norsk sokkel, men ein forsvinnande liten del av dette hamnar som inntekt for bedrifter i Sogn og Fjordane.

– Vi bør kunne forvente å få ein langt større del av dei store investeringane som skal skje rett utanfor stovedøra vår. Stikkordet er samarbeid mellom ulike aktørar, seier Stang.

Basen er viktig

Han peikar på at ein I Sogn og Fjordane har mykje kompetanse, men mange av aktørane er kvar for seg for små til å serve tenester for til dømes Statoil.

– Vi må få meir av inntektene og vi må få meir av arbeidsplassane knytt til petroleumsnæringa. Her har vi eit kjempepotensial, slår Stang fast.

Tala syner at 30 prosent av industriverksemdene i fylket leverer til oljenæringa. Dette er nesten like mange som i Hordaland med 35 prosent. Aktiviteten rundt basen i Florø har vore aukande, men knoppskytinga skjer også i randsona av basen.

Innan tenesteyting er det òg mange verksemder i Sogn og Fjordane som merkar oljeboomen. 18 prosent av verksemdene seier at dei har oljerelatert omsetnad.

Få arbeidsplassar

Men sjølv om ei av tre industriverksemder i fylket leverer til oljenæringa, er industrien i Sogn og Fjordane vesentleg mindre oljeintensiv enn i nabofylket i sør, går det fram av ei pressemelding.

Berre elleve prosent av industriverksemdene her i fylket får meir enn ein fjerdedel av omsetnaden sin frå oljenæringa, mot 24 prosent i Hordaland. Det er også eit faktum at Sogn og Fjordane har berre 1,7 prosent av arbeidsplassane i petroleumsnæringa her i landet.

Potensialet er difor stort når vi veit at 28 prosent av den samla oljeproduksjonen skjer utanfor kysten vår. Produksjonen i den nordlege delen av Nordsjøen er venta å halde fram i 30 år til.

Røyrlager på fjordbase i Florø

VIKTIG BASE: Fjord Base i Florø har utvikla seg til å bli eit sentrum for petroleumsrelatert industri i Sogn og Fjordane.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Samarbeid gjev resultat

– Noko av utfordringa for fylket er at det finst mange små bedrifter med mykje god kompetanse, men som er for små til å kunne serve oljenæringa åleine, seier leiar for Statoil Florø, Sigurd Øistein Døsen.

Gode samarbeidspartar både i og utanfor fylket kan vere svaret for verksemder som ønskjer innpass hjå dei tunge aktørane i petroleumsnæringa.

– Dette vart løysinga til dømes løysinga for Østerbø Maskin og SafeClean i Høyanger. Saman har dei utvikla spesialutstyr til reinsing av oljerøyr på oppdrag for Statoil, heiter det i pressemeldinga frå Næringsbarometeret.