Bistandsadvokaten til familien, Rune Tysse, seier han på vegne av foreldra krev 400.000 kroner i oppreisingserstatning og 350.000 kroner i erstatning for utgifter og tapte inntekter.
Reiseutgifter
Kvar av foreldra krev 200.000 kroner i oppreising frå den tiltalte 42-åringen. I tillegg krev foreldra 150.000 til å dekke utgifter og tapt arbeidsforteneste som følgje av drapet. Mellom anna er dette utgifter dei har hatt i samband med reiser og kostnader til gravferda til Anne Slåtten, seier Tysse.
Gjekk glipp av eksamen
Den yngste søstera til Anne Slåtten krev dekking av utgifter på 100.000 kroner, medan den eldste søstera og kjærasten fremjar eit krav på 50.000 kroner kvar. Den yngste søstera krev mest fordi ho gjekk glipp av ein eksamen i juni som følgje av at Anne Slåtten vart drepen.
Kravet på 750.000 kroner blir formelt fremja av påtalemakta når rettssaka startar i Fjordane tingrett måndag 31. januar.