Hopp til innhold

Krev 6,5 års fengsel for narkosal

Statsadvokat Bjørn Kristian Soknes la i dag ned påstand om seks år og seks månader i fengsel for den 35 år gamle Stryne-mannen i den største narko-saka i fylket.

Aktoratet ved Knut Broberg og statsadvokat Bjørn Kristian Soknes.

Aktoratet ved Knut Broberg og statsadvokat Bjørn Kristian Soknes.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For mora til den tiltalte la statsadvokaten ned påstand om 420 timar samfunnsstraff.

Les  - Mora visste alt

Tiltalte har vedgått kjøp av 3,5 kg amfetamin, men berre eit sal på vel 1,5 kg amfetamin. Tiltalen var sal på seks kilo, og oppbevaring og kjøp av omlag åtte kg amfetamin.

Bevisa ikkje gode nok

Det som skulle vere statsadvokaten sitt hovudbevis, nemleg lynlåsposane, vedgjekk statsadvokaten ikkje lenger heldt mål. Bokhandelen i Stryn har selt slike posar, og statsadvokaten hadde i sin tiltale lagt til grunn at tiltalte hadde å gjere med 4,5 kilo på bakgrunn av slike posar. Men statsadvokaten vedgjekk at bevisa for dette var for dårlege, og legg difor berre til grunn sal av vel 1,5 kilo amfetamin.

16.000 SMS og samtalar

I prosedyren teikna statsadvokaten eit bilete av hovudtiltalte som ein lynande effektiv og travel forretningsmann. Vitna har skildra det som eit jamt mas heile tida frå personar som skulle ha stoff, sa Soknes. Han viste også til at 35-åringen på 76 dagar fekk inn 16.000 SMS og samtalar på sin telefon.

Strynemannen har også vedgått at han har brukt amfetamin.

Den tiltalte skal også ha kome med trugsmål overfor ein politibetent og familien hans.

Vil ha mindre straff

Forsvararen til den hovudtiltalte i den store narkosaka meiner fem år og tre månadar er ei meir passande straff for klienten sin. Det kom fram i hans prosedyre i dag. Han meiner statsadvokaten har vore svært streng i sin påstand.

Han meiner heller ikkje stryningen bør frådømmast retten til alltid å køyre bil. Han meiner ikkje bilen har vore eit så sentralt element i narkotikasalet som lova krev.

Forsvararen til mora, Stein E Ottesen, meiner mora bør frifinnast.