Hopp til innhold

Krev 40 milliardar til rassikring

Leiaren i den nasjonale rassikringsgruppa Åshild Kjelsnes krev rassikring av alle offentlege vegar før 2030.

Rassikring

VIL SIKRE: Jord, Stein, beinharde issvullar og tettpakka snø. Skred kjem i mange fasongar og storleikar, rasande nedover fjellsidene. Ofte blir også menneske råka.

Foto: Fotomontasje

Målet vil krevje to milliardar kroner årleg dei neste 20 åra. Det kostar å temme naturkreftene som dundrar nedover fjellsidene i mange storleikar og fasongar.

- Eit ambisiøst, men naudsynt mål. Det gjer noko med livskvaliteten å ikkje vite om ein kjem velberga fram, seier Kjelsnes.

Møtt av latter

Leder for nasjonal rassikring, Åshild Kjelsnes

KREV MEIR: Leiar i nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

For ti år sidan kravde Kjelsnes og resten av den nasjonale rassikringsgruppa ein milliard kroner årleg til rassikring.

- Då vi sa det, så lo folk av oss både i departementet, Vegvesen og for så vidt også stortingsfolk. Dei meinte det var utopisk, seier Kjelsnes. I september vart utopien verkleg då samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa løyvde ein milliard til rassikring .

Begravd to gonger

Kvart år går det kring 1 500 ras i Norge. Ein femtedel av desse går i Sogn og Fjordane. Tysdag kom ein 18-åring i Rogaland frå det med livet i behald då bilen hans vart treft av steinras ved Helleland.

I helga vart kring 120 innbyggjarar isolerte i Veitastrond då eit 300 meter breidt ras stengde fylkesvegen til Hafslo. Det vil ta dagar å rydde dei enorme snømassane .

For dei kjem ikkje kravet eitt sekund for seint. Tusenvis av liter mjølk blir tømde ut, folk kjem seg ikkje på arbeid og verken elevar eller lærarar kan møte på skulen fordi dei bur på andre sida av skredet.

- Eg har hatt den tvilsame glede å bli begravd to gonger i bil i snøskred. Det sit litt att. Heilt klart, seier trebornspappa Asbjørn Nes.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Innesperra av ras i Veitastrond

SJÅ: Innbyggjarane i Veitastrond er byrja å bli vande med å vere veglause.

- Kan ikkje vente ti år til

Likevel tenkjer han ikkje mest på seg sjølv. Uroen over ungane tek det meste av plassen.

- Eg har to ungar som pendlar på vegen her. Om få år får eg ein liten gut til som skal bruke den som skuleveg. Det er mykje verre enn om eg pendlar her, seier Nes.

- Vi kan ikkje vente i ti år på dette her, slik at vi har denne elenda kvart einaste år slik vi har gjort dei siste ti åra, legg Nes til.

Kan ikkje vegre seg

Folk lo for ti år sidan. Kjelsnes trur at folk framleis vil trekkje på smilebandet når kravet rassikringsgruppa legg fram kravet om 40 milliardar kroner til rassikring.

- Eg trur nok at vi vil få enkelte kommentarar på at dette er veldig ambisiøst, men vi meiner at dette har like stort krav på å bli høyrt som andre samferdsleføremål. Dette er ikkje noko trafikkantar kan gjere noko med uansett kor flink ein er. Ein kan ikkje vegre seg mot rasfaren, seier Kjelsnes.

Lovar ikkje meir

Men samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa vil ikkje love meir pengar til rassikring.

- Vi skal ha møte med fylkeskommunane i februar/mars. Eg trur rassikring kjem høgare opp. Førebels held eg meg til den milliarden som er lova. Det betyr 120 utsette punkt skal sikrast dei næraste åra med den forbetring i tryggleik og livskvalitet, og reduserte kostnadar som det inneber, seier ho til NRK.