Hopp til innhold

Krev 30 millionar til tunnel

Sogn og Fjordane fylkeskommune krev at Stortinget legg inn 30 millionar kroner til startløyving for Stad skipstunnel i budsjettet for 2019. Det kjem fram i ein samrøystes uttale frå fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Stad skipstunnel var ikkje med i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for neste år.

Stad Skipstunnel Moldefjorden
Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex