Han ventar at den komande regjeringa vil gje Sogn og Fjordane same summen som dei vil betale for 100 meter strandlinje ved Oslofjorden.
- Oslo har fått sin "Soria Moria-pakke" på forskot. No reknar eg med at også dei andre fylka vil få tilsvarande pakke, slik at det blir likt over heile landet, seier han.
Kjøpte eigedom på Huk
Den raudgrøne kommande regjeringa samla seg før helga om å kjøpe Vaske-Bakke sin eigedom ved Huk i Oslo, til den nette sum av 30 millionar kroner. No kjem krava til den kommande regjeringa som sit i forhandlingar på Soria Moria, om at alle fylka i landet må få tilsvarande gode.
- Eg reknar med at ei raudgrøn regjering vil gå for lik behandling for alle fylka, så dei har spent forventningane ute i distrikta. Her kan det vere mange gode idear som bør komme fram, til glede for eldre og unge, næringsliv, kultur og idrett. Det finns nesten ikkje grenser, meiner han.
Bør komme med ønskjer
Ole Schanke Eikum meiner folk i fjordfylket må komme med ei liste med krav og ønskjer til kva dei kan tenke seg for fylket. Sjølv har han og eit ønskje for Sogn og Fjordane.
- Sjølv kunne eg tenkje meg at vi fekk noko innafor næring, til dømes eit Såkornfond på 30 millionar kroner til næringsutvikling. Det er kanskje det vi treng i Sogn og Fjordane, vi har ikkje same behovet for badestrender, seier Schanke Eikum.
Liv Signe Navarsete
"- Koste kva det koste vil"
Den nye regjeringa sitt oppkjøp av strandlinje ved Oslofjorden er ein ny politisk kurs som skal gjelde heile landet. Det seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.
Ho meiner ein også bør gå endå lenger. Ho meiner "Koste kva det koste vil-prinsippet" også må gjelde når grunneigarar får bandlagt areal grunna vern eller andre offentlege inngrep.