NRK Meny

Krev 20-minuttsavgangar

Stamvegutvalet for E39 Sogn og Fjordane krev at det skal vere 20-minuttsavgangar på ferjesambanda langs heile E39. Dette gjeld også for ferjesambandet Anda - Lote. Det naturlege startstidspunktet for innføring er 1. januar 2016, då dagens anbodsperiode for ferjesambandet går ut.– Eit slikt krav har full støtte frå Nordfjordrådet, næringslivet i fylket og Helse Førde, seier Jenny Følling som er leiar for stamvegutvalet.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen