Hopp til innhold

Krev 20 millionar for tapt fiske – staten nektar å betale

Reiarlaget Frøybas frå Bremanger krev 20 millionar kroner i erstatning etter at staten utan å ha rett til det inndrog torskekvotar for 23 millionar kroner. Saka startar i Oslo tingrett i morgon.

fiskebåten Frøybas

STORE TAP: Reiarlaget Frøybas hevdar å ha tapt opp mot 20 millionar kroner på at staten, utan å ha rett til det, inndrog torskekvotar over eit tidsrom på fem år.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

– Staten har tapt på alle punkt, og det er heilt utruleg at dei held fram med dette tullet. Staten må gjere opp for seg, slik andre må gjere, seier ein provosert Ronny Larsen, dagleg leiar i Frøybas. På onsdag må han møte i Oslo tingrett då rettssaka mot staten startar.

Staten må slutte med dette tullet.

Ronny Larsen

Staten tapte

Bakgrunnen for saka er ein strid om heimeadressa til den tidlegare eigaren av nokre av Frøybas sine båtar. Staten meinte eigaren av båtane ikkje hadde budd i Nord-Norge, og slik sett ikkje oppfylte vilkåra for reglane om fylkesbinding. Frøybas avviste dette og saka har vore behandla både i tingretten og lagmannsretten. I begge rettsinstansar vart det slått fast at det var ulovleg å trekkje attende kvotane. Det er no rettskraftig fastslått at fiskaren hadde bustad i Nord-Norge.

Staten har heile tida behandla Frøybas på ein arrogant og nedlatande måte.

Advokat Ida Espolin Johnson

– Arrogant og nedlatande

Staten si ulovlege inndraging innebar at Frøybas stod utan tre torskekvotar i fem år. No krev Frøybas opp mot 20 millionar kroner i erstatning for tapt fiske.

– Når staten med vilje tek frå Frøybas store verdiar, og det etterpå viser seg at det er feil, bør staten erstatte dette utan å krangle noko meir. Staten har heile tida behandla Frøybas på ein arrogant og nedlatande måte, seier advokaten deira, Ida Espolin Johnson. Ho har stor tru på at Frøybas vil vinne fram i retten.

Frøybas

På FISKE: Det er igjen duka for rettssak mellom staten og eigarane av fiskebåten Frøybas. Her ser vi båten under brislingfiske i Nordfjord.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Staten avviser kravet

Staten står fast på at feilen som har gjort i denne saka er ikkje alvorleg nok til at det må betalast erstatning til Frøybas.

– Dette er ein type feil som ikkje gjev grunnlag for erstatning, seier Hallvard Gilje Aarseth på vegner av regjeringsadvokaten.

Frøybas opplever staten som nedlatande og arrogant. Kva seier du til det?

– Det er beklageleg at motparten har ei slik oppfatning av staten. Vi er usamde med Frøybas i sak, men vi meiner det ikkje er grunnlag for å karakterisere staten på denne måten.

Det er ikkje grunnlag for å hevde at staten har vore arrogant.

Hallvard Gilje Aarseth

– To rettsinstansar har slått fast at staten ikkje hadde grunnlag for å trekkje attende desse torskekvotane. Bør ikkje staten slik sett erstatte det tapet motparten har hatt her?

– Det er dette retten no skal vurdere. Det vilkår som må vere til stades for å få erstatning er ikkje oppfylt. Det er også svært ulikt syn på kor stort tap Frøybas har hatt. Ut over dette har eg ingen fleire kommentarar, seier Gilje Aarseth.