Hopp til innhold

Krev 10.000 av NRK for å ha publisert facebook-melding

John Kåre Larsen, Frp-politikar og varaordførar i Solund, krev 10.000 kroner av NRK. Dette fordi NRK har publisert ei facebook-melding med bilde han. NRK nektar å fjerne meldinga. Larsen meiner han blir hetsa.

John Kåre Larsen

John Kåre Larsen, varaordførar for Frp i Solund, meiner han blir utsett for trakassering og hets av NRK.

Foto: Finn J Hugøy

I facebook-meldinga uttrykkjer Larsen seg på ein måte som gjer at mange vil hevde han spreier framandfrykt:

"Men sakens kjerne er at det er skapt en generell frykt i befolkningen, en frykt for vår trygghet. Trygghet til å bevege seg i vårt land. Skal det være slik? Er de som ynder å ta inn ytterligere innvandrere delaktige i å være med på spre denne frykten? Bør ikke også de ha et ansvar for at det er blitt en økende frykt i landet", skriv Larsen mellom anna til dei 850 facebook-venene sine.

LES OGSÅ: FrP-politikaren si statusoppdatering får KrF til å reagere: – Dette er grums

Dere får ingen kommentar fra meg da jeg ser på dette som ren trakassering og hets mot meg som privatperson".

John Kåre Larsen

Kravde meldinga fjerna

Då facebook-meldinga med bilde av Larsen vart gjengitt i eit nyhendesak NRK Sogn og Fjordane si nettside før helga, kravde han at saka og bildet vart fjerna umiddelbart. Frp-politikaren viste til at han ikkje hadde gjeve samtykke til å bruke tekst og bilde.

Det er høgst uvanleg at ein politikar krev pengar for at nokon gjengir ytringar som er lagt ut på facebook.

Eivind Lid

Då NRK nekta å fjerne saka frå nettet, sende Larsen ein epost med eit pengekrav på 10.000 kroner for bruk av tekst og bilde. Eivind Lid, leiar ved Institutt for journalistikk, har følgjande kommentar til pengekravet.

– Dette er svært uvanleg. Når ein er varaordførar og har offentlege verv så er ein også ein offentleg person. Det er offentleg når ein slik person ytrar seg om samfunnsforhold på ein nettstad som fleire hundre personar har tilgang til, seier han.

Eivind Lid

– Det er mange som John Kåre Larsen, som ikkje heilt forstår rekkjevidda over kva ein uttrykkjer på sosiale medium, seier Eivind Lid ved Institutt for journalistikk.

Foto: INSTITUTT FOR JOURNALISTIKK

Vaksenopplæring

Larsen meiner på si side at NRK ikkje har rett til å gjengi meldinga hans. Dette er Eivind Lid ikkje samd i.

– Både i høve presseetikken og lovverket er ein på trygg grunn når ein gjengir Larsen sine utsegner og brukar bilde av han. Det er difor fornuftig å drive denne form for vaksenopplæring ved å setje søkjelys på det, seier Lid.

Lid viser mellom anna til rettspraksis og ein dom frå Stavanger der det blir strekt opp ei grense for når ytringa er i lukka eller i offetleg rom. Det går fram at når fleire enn 20-30 personar har tilgang til informasjonen, så blir det rekna som eit offentleg rom.

Meiner å vere utsett for hets

Larsen, som no har fjerna den omstridde teksten frå facebook-profilen sin, ønskjer ikkje å kommentere saka på radio.

I ei tekstmelding til NRK skriv han imidlertid følgjande: "Dere får ingen kommentar fra meg da jeg ser på dette som ren trakassering og hets mot meg som privatperson".

– Uaktuelt å betale for meiningsytringar

Kai Aage Pedersen, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, seier at NRK aldri betalar for å publisere politiske meiningsytringar uansett i kva samanheng dei vert sette fram.

- I dette tilfellet vart dei sette fram i det offentlege rom på ei Facebook-side som tilhøyrer varaordføraren og som svært mange følgjer. I tillegg hadde vi kjøpt retten til å publisere biletet av fotografen som tok biletet av Larsen, seier Pedersen.