NRK Meny
Normal

Krev 10 gonger meir enn dei fekk i fjor - eit moderat krav meiner bondelagsleiar

Kravet frå bøndene i årets jordbruksoppgjer er på 31.700 kroner per årsverk og er på totalt 1,45 milliardar kroner. Dette er 15.000 kroner meir enn andre samfunnsgrupper.

Brit Inger Skaar og Anders Felde

JORDBRUKSOPPGJERET: Fylkesleiar Brit Inger Skaar i Bonde- og Småbrukarlaget og fylkesleiar i Bondelaget Anders Felde.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kravet er 10 gonger meir enn det dei fekk i fjor.

– Grunnen til at kravet er så stort er at vi akkurat har fått ei stortingsmelding som seier at vi skal tette igjen inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. I tillegg ser vi at det er stor arealavgang i distrikta og at vi slit med inntekta, seier Anders Felde som er fylkesleiar i Bondelaget.

Onsdag klokka 12 kom det felles kravet frå dei to bondeorganisasjonane. 5. mai kjem staten sitt mottilbod. 15 mai skal forhandlingane vere avslutta. I mellomtida ventar fleire tusen bønder i fylket spent på kva vilkår næringa deira skal få.

– Eg håpar verkeleg at det tilbodet vi får frå staten står i forhold til det vi krev, seier Brit Inger Skaar som er fylkesleiar i Bonde- og Småbrukarlaget.

Har sakka akterut

Grunnlagstala syner at inntektene til bøndene har saka akterut dei 10 siste åra samanlikna med andre samfunnsgrupper. For å tette inntektsgapet vil bondeorganisasjonane gi meir til dei små og mellomstore bruka.

– Vi ser det på mjølk, der vi flyttar vi ei sone i Sogn og Fjordane opp i såkalla «Nord Norge-sone». Det gjer at vi vil auke inntekta på driftstilskotet på mjølk. Vi aukar også inntekta på dei 100 første sauene, noko som er bra for vårt område, seier Felde.

Bondeorganisasjonane vil også omfordele noko av tilskota på frukt og bær, slik at dei mindre bærareala i fylket kjem betre ut.

– Vi gjer mange grep som skal møte inntektsutfordringane på små bruk, og slik sett er det eit svært godt Vestlands-krav, og det er eit godt distriktskrav, seier Felde.

Meiner kravet er realistisk

Kravet som er 10 gonger høgre enn det bøndene fekk i fjor, meiner Felde er realistisk.

– Vi må stelle oss til dei utfordringane som vi ser i landbruket. Vi ser vi har eit fleirtal i Stortinget som ynskjer matproduksjon over heile landet. Vi ser at befolkninga slår ring rundt bøndene og ynskjer matproduksjon også i distrikta. Eigentleg så er ikkje dette eit høgt krav, det er eit ganske moderat krav, seier Felde.

I Bonde- og Småbrukarlaget, som har 300 medlemmer i fylket, håpar Skaar at staten følgjer opp det dei har sagt i landbruksmeldinga.

– Kvar einaste dag når eg køyrer langs vegane ser eg bruk som er lagde ned, og det syner eit utvikling som eg ikkje ynskjer, seier Skaar.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast