NRK Meny
Normal

Sunnfjording dømd for vald i taxikøen

Sunnfjordingen i 20-åra kjende seg krenkt av kvinnene bak han i taxikøen. No må han betale bot for valdsepisoden.

– Det ser ikkje ut som ho vil bli med han heim, var kommentaren som starta det heile ein junikveld i fjor.

Munnhoggeri

Mannen skulle dele taxi med ei kvinne etter ein kveld på byen, men likte dårleg kommentaren som kom frå ei av dei fem kvinnene bak han i køen.

Den etterfølgande, munnlege, konfrontasjonen meldte også fleire seg på. På spørsmål om to av kvinnene var «menn eller lesber», svara den eine at mannfolk i dag berre tenkjer med kjønnsorganet sitt.

Situasjonen eskalerte då den første av kvinnene gjekk imellom og ville vite kva som feila han. Mannen svara med å dytte til henne, så ho fall bakover i køen og inn i ein vegg. Utover smerter, fekk ho ikkje varig skade.

Frifunnen for spark

Sunnfjordingen forklarte for retten at han kjende seg krenkt og pressa, og at dytten var ei forsiktig reflekshandling. Kvinna fekk derimot vondt i magen, noko Fjordane tingrett meinte stadfesta hennar skildring, og fann mannen skuldig i vald.

Sjølv om mannen vart krenkt av kvinnene, fann retten at det ikkje forsvara valdshandlinga.

Påtalemakta la ned påstand om fengsel i 15 dagar, og 4 000 kroner i bot. Dette meinte retten var alt for strengt. Sjølv om krenkinga ikkje gir grunn til å sleppe straff, meinte retten det var formildande og dømde han til 8 000 kroner i bot.

Mannen var også tiltalt for å ha sparka ei anna av kvinnene. Retten fann det ikkje bevist at det skjedde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.