NRK Meny
Normal

«Eg fekk ikkje ta tilbake livet mitt. Eg var jo kreftfri og skulle ikkje vere sjuk lenger»

ØVRE ÅRDAL (NRK): – Det kom som ei bombe på livet mitt. Anne Rachel Øren var ikkje budd på kva som venta etter kreftbehandlinga.

Anne Rachel Øren i Årdal

VAR IKKJE BUDD: Anne Rachel Øren var ikkje budd på at kvardagsoppgåver skulle bli så mykje tyngre etter kreftbehandlinga. Å leve er meir enn å overleve.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

– Etter siste sprøyta med immunterapi skulle livet starte på ny. Det hadde eg bestemt meg for. Eg ville ikkje vere ho som hadde kreft.

I oktober 2016 var årdalskvinna ferdig med kreftbehandling. Kreftdiagnosen skulle ikkje vere del av identiteten hennar. Ho ville gløyme det, legge det bak seg.

Slik vart det ikkje.

Verre enn kreftbehandlinga

– Eg fekk ikkje ta tilbake livet mitt. Eg var jo kreftfri og skulle ikkje vere sjuk lenger!

Cellegifta hadde sett sine spor. Kreftbehandlinga hadde gått hardt utover kroppen hennar. Det var vanskelegare å handtere enn sjølve behandlinga.

At å vere ferdigbehandla ikkje var det same som å vere frisk, hadde ikkje Øren tenkt på. Heller ikkje behandlarane hadde sagt noko om kva som kunne kome.

Livet etter behandlinga vart ikkje slik Øren hadde tenkt.

Tøffe etterverknader

– Tida etter kreftbehandling har vore både nydeleg og grusom, med oppturar og nedturar. Opptur å vite at eg var ferdigbehandla, opptur å begynne i jobb, opptur å kjenne gleda over å ha overlevd. Grusomt fordi kroppen kjendest som ein skraphaug.

Øren fortel om smerter, søvnproblem og store temperatursvingingar. – Eg kan gå frå å vere iskald til tropevarm på sekund, blir raskt andpusten og får mjølkesyre av gå opp to etasjar.

At fleire funksjonar i kroppen ikkje fungerer som før merkar ho godt i kvardagen.

- Eg gløymer ord og korleis byggje opp setningar, og får ikkje fortalt det eg vil fortelje.

Førtifireåringen klarer ikkje å konsentrere seg så lenge om gongen og kan plutseleg byte tema medan andre har ei historie å fortelje. Det likar ho ikkje.

- Stort sett er eg saman med folk eg er trygg på og som kjenner situasjonen, men likevel, det er ikkje slik eg vil oppføre meg.

Vil så gjerne

Ope hus med mange gjestar rundt bordet, må bli med tanken. Øren orkar ikkje, ho har berre så veldig, veldig lyst.

Fysiske etterverknader er lettare å snakke om. Med lite energi og store problem med å sove, følgjer også tidvis vanskelege tankar.

Anne Rachel Øren har greidd å kome seg i jobb igjen

I JOBB: Ambulansearbeidaren er takksam for at ho overlevde og kjenner seg heldig som har klart å kome i jobb att, trass i etterverknadene etter kreftbehandlinga.

Foto: TURID ASTRID REKSTEN / NRK

– Når eg er sliten kan destruktive tankar melde seg, spesielt rundt eigen verdi.

Det er tankar om kompleks og skam over utsjånad etter behandling og at livet ikkje vart slik Øren ønskte, å ikkje kunne vere den same ressursen som før.

- Det er ei sorg å ikkje kunne spele den rolla i andre sine liv som eg gjorde før, men når dei gode dagane kjem, er dette gløymt og sjølvtilliten høgare enn sjølvinnsikten. Akkurat som før, seier ho lattermildt.