Hopp til innhold

Dei vil ha deg med på ein kafé utanom det vanlege

Kreft er vanskeleg å leve med, og det kan også vere vanskeleg å snakke om. Det ønskjer Kreftforeningen å gjere noko med, og inviterer derfor pasientar og pårørande til temakafé.

Odd Skrede, Hilde Våge og Iris Høgelid Vik er samla på temakafé med Kreftforeningen

BYR PÅ KAFFI: Odd Skrede, Hilde Våge og Iris Høgelid Vik er samla på Kreftforeningen sin temakafé i Førde. Dei ønskjer seg fleire å drikke kaffi saman med på dei månadlege treffa.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Bordet i kantina på Kronborg ressurshage er dekt med smurte rundstykke, kransekake og vaflar. Kaffi og te er sjølvsagt på plass, og rundt bordet sit ein gjeng og småpratar om julebakst og tradisjonskost frå Sogn og Fjordane.

Stemninga er lett og ledig, men det er eit alvorleg tema som har ført dei saman til dette bordet.

– Dette er ein temakafé som Kreftforeningen arrangerer, for pårørande, pasientar og folk som er råka av kreft i Sogn og Fjordane, fortel Hilde Våge.

Saman med tre andre damer jobbar ho frivillig i Kreftforeningen, som arrangerer månadlege temakafear med ulike tema kvar gong. Pasientrettar, ernæring, kosthald og fysisk aktivitet har vore nokre av temaa som har blitt tatt opp i løpet av året. No tar dei pause resten av året, før det startar opp igjen på nyåret.

– Vi ønskjer oss veldig gjerne fleire brukarar, for vi har store ressursar og mange tema vi ønskjer å ta opp, seier Våge.

Godt å kome saman

I tillegg til å arrangere temakafé, har foreininga også ei gruppe for unge pårørande, Treffpunkt, og ei eiga turgruppe som er tilrettelagt for vaksne pasientar.

Sjølv om kafeane ofte byr på fagleg påfyll, er samtalane og samværet med andre i same situasjon som er viktigast, meiner Iris Høgelid Vik. Ho har sjølv opplevd kreft på svært nært hald: Først døydde mannen hennar av kreft for mange år sidan, og så fekk ho sjølv kreft, men ho er no erklært frisk.

Ho set stor pris på treffa til Kreftforeningen.

– Det beste er å snakke med andre,og høyre korleis dei taklar daglege problem. Det er fint å få informasjon om mogelegheiter ein har, som ein kanskje ikkje har tenkt på før, og så er det samværet med andre. Det er veldig nyttig å prate med andre, seier Høgelid Vik, som håpar fleire gjestar vil kome på nyåret.

– Vi har det veldig triveleg her, og så er det mange interessante tema, så eg vil oppfordre alle som har interesse om å kome.

Humor som medisin

Blant damene som har funne vegen til temakafeen, er ein hane i korga. Odd Skrede har vore med på fleire av treffa til Kreftforeningen, og han synest det er bra med fagleg påfyll. Han vil likevel understreke kor viktig humor er i ein kvardag som kanskje ikkje alltid er like leikande lett.

– Det kan nok gjere kvardagen litt enklare, nikkar Skrede, og held fram i same leia som dei andre:

– I staden for at ein sit heime med tunge tankar, trur eg desse treffa kan vere med på å lette trykket. Ein får snakke med andre, men kanskje ikkje berre snakke om sjukdom. Ein kan også underhalde litt og snakke om andre ting enn sjukdom.

Og det er ikkje berre kafeen han anbefaler andre å vere med på – han har nemleg eitt råd til på lur:

– Det er å kome seg ut og gå, anten åleine eller saman med andre. Det er veldig god medisin!