Kreftavdelinga treng utbygging, men Helse Førde manglar pengar. Øgar trur det er umogeleg å bygge ut kreftbehandlinga i Førde og samstundes oppretthalde tilbodet på lokalsjukehusa.
Talet på kreftpasientar vil auke i framtida og det er nødvendig med ei utbygging og styrking av avdelinga ved sentralsjukehuset i Førde. Men på grunn av pengemangel i Helse Førde, står den planlagde utbygginga i fare.
Svært beklageleg
Dagleg leiar Ingrid Terum ved kompetansesenteret til Den norske kreftforening i Sogn og Fjordane, seier det er skuffande dersom måla for kreftbehandlinga ikkje vert nådde. Terum finn det er svært beklageleg når det er dårleg økonomi og ikkje behova til pasientane som skal vera styrande for behandlingstilbodet skal vere.