Hopp til innhold

Kreativt kapplaup på historiske vegar

Til saman 240 deltakarar streva seg gjennom den 8,7 kilometer lange løypa under årets Galdane Rundt i Lærdal.

Galdane Rundt 2015
Foto: Jan Christian Jerving Picasa / NRK

Fullførte på krykker

STOR PRESTASJON: Hanne Grimelid let seg ikkje stoppe av krykkene og fullførte heile den 8,7 kilometer lange løypa.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Løpet går på dei historiske vegane i Lærdal, som i år feirar 222 år.

Vinnaren i dameklassen var Ingvild Vedde frå Tjalve med tida 39.56. I herreklassen var Eivind Øygard frå Jølster sterkast med tida 31.10.

Men dette var like mykje ein dag for entusiastane. Heile 140 mosjonistar stilte i trimklassen, mot 100 aktive utøvarar. Langs løypa stilte folk opp og sørga for stemning med heiarop og bjølleklang.

På oppfordring frå arrangøren stilte rådmann Alf Olsen jr. opp og etter bileta å døme fekk han ei strevsam dag på jobben.

Ei av dei sterkaste prestasjonane stod Hanne Grimelid for. Ho hinka seg gjennom løypa på krykker.

Sliten rådmann i mål

SLITEN: Rådmann Alf Olsen jr. fekk smake på mjølkesyra i dei historiske bakkane i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK