Sjå bileta frå steinparken
Onsdag opna Geologisk park for Sogn og Fjordane i Stryn. Alle kommunane i fylket har utpeika sin kommunestein som vart høgtidleg avduka i den geologiske parken.
Dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum Armas, arkitekt Rune Melvær og Torgeir Garmo frå Norsk Steinsenter.
Spesiell berggrunn
Torgeir T Garmo har laga alle tekstane til dei 26 steinblokkene. Han seier det har vore svært spanande å presentere steinane, fordi Sogn og Fjordane har noko av den mest spesielle berggrunnen i Noreg - og også i verdssamanheng.
Garmo trekkjer spesielt fram kommunane som har eklogittstein, og då særleg bidraget frå Vågsøy.
- Den steinen er verdskjent frå før, seier Garmo.
Samarbeid med fylket
Dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum Armas framheva under opninga det gode samarbeidet dei har hatt i ti år med Sogn og Fjordane fylkeskommune om den geologiske parken, og fylkesgeolog Bjørn Falch Russenes kvitterte med å tildele prosjektet kr 200.000 kroner av eit totalbudsjett på 850.000.
Arkitekt for parken har vore Rune Melvær som har laga ein kunstnarisk park der steinblokkene er løfta opp på soklar og har fått eigne tekstplater.
Steinparken blir eit viktig tilbod til dei besøkande ved
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Stryn. I fjor var vel 37.000 innom dørene ved senteret.