Toppe fryktar at dei lokale helseføretaka seier nei og at ikkje helseministeren vil gjere noko med dette.
– Om det blir vedteke at ein skal halde fram på Nordfjordeid utan eit kirurgisk dagtilbod, så blir det ein heilt ny modell i Norge. Spørsmålet er om ikkje helseministeren ser at han bør han siste ord i denne saka, seier Toppe.
Har siste ordet
Det er per i dag ikkje tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Ulike rapportar har derimot vist til at det er behov for eit slikt tilbod. Tidlegare helseminister Jonas Gahr Støre har også signalisert at han ønskjer dagkirurgi i Nordfjord.
Helseminister Bent Høie frå Høgre avventar spørsmålet om det skal vere slik kirurgi i Nordfjord. Dette kom fram under Stortinget sin spørjetime i dag
– I styringsmodellen har statsråden siste ord. Men dette er ei saka styra i Helse Førde og Helse Vest først skal vurdere. Når Helse Vest har konkludert, tek eg stilling til den avgjerda, seier Høie.
- LES OGSÅ:
Ikkje svar før etter nyttår
Spørsmålet om det vil bli dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus vil likevel ikkje bli avklart før jul, seier Herlof Nilsen som er administrerande direktør i Helse Vest.
– Det er ein del diskusjonar om faktagrunnlaget i rapportane som ligg føre. Difor har eg sett i gang eit ekstra arbeid knytt opp til å vere sikre på at vi har rett bilete på pasientgrunnlag og kva behovet er. Vi må også sjå på kva diagnosar som kan vere aktuelle. Vi håper og trur vi skal ha behandling av dette i Helse Vest-styret i februar, seier han.
- LES OGSÅ: