Hopp til innhold

Krav på over 14 millionar kroner

Bustyrar Thore Heggen har fått inn krav på over 14 millionar kroner etter konkursen i Selje hotell. Sparebanken Vest har pant i hotellet, og har åleine eit krav på 13,2 millionar. Fristen for å levere inn krav går ut i dag. Hotellet vart totalskadd under ein brann i november i fjor og vart i vår slått konkurs av tidlegare tilsette.

Selje hotel
Foto: Oddleif Løset / NRK