I Hammerfest Tingrett i dag la aktor ned påstand om to års fengsel for tre av dei seks tiltalte i saka. Den eine av desse er Stig Ervik. Dei to andre er, eller har vore, tilknytta Havøysund Fisk og Industri og Scanfish.
Aktor la ned påstand om ei straff på eit år og seks månader for Geir Solvåg, som i dag er leiar for Ervik Havfiske. Seks månader av dette skal sonast i fengsel, medan eit år av straffa blir på vilkår, viss aktor får gjennomslag i retten.
Førelegg på 5,1 millionar
Påtalemakta meiner at Stig Ervik gjennom Ervik Havfiske skal ha sytt for at fisk for 14,7 millionar kroner vart levert utanom systemet. Det skjedde i ein periode på over eit år i 1999 og 2000. Mellom anna vart det nytta urette faktua, og fiktive brygge- og sluttsetlar. Dermed meiner statsadvokaten i Troms og Finnmark at dei har kunna fiska og levert større kvantum enn tillete
I retten i dag vart det også lagt ned påstand om eit inndragingsførelegg på 5,1 millionar kroner for Ervik Havfiske.