Det var først like før rettssaka kom opp 37-åringen tok på seg noko som helst skuld for det som hadde skjedd ved busskuret på Bryggja den 13. juli i fjor sommar. I retten fortalde 37-åringen i går at det oppstod ein krangel mellom han og sambuaren etter at dei gjekk av bussen etter ein tur på byen på Nordfjordeid. Krangelen skal ha resultert i at han drog sambuaren sin etter håret og slo ho minst to gonger i hovudet med knytta neve.
Skjulte sambuaren
Sambuaren skal då ha falle om. Men i staden for å tilkalle hjelp, gjorde 37-åringe det han kunne for å skjule sambuaren, og drog ho inn i eit skogområdet vel 300 meter frå busskuret. Først fleire timar seinare tilkalla han hjelp.
Sambuaren døydde seinare same dag på Haukeland sjukehus. Både slaga i hovudet og det han let ho liggje ute i kulden utan hjelp, var kvar for seg dødelege. Og det meiner statsadvokaten er ekstra alvorleg.
– For strengt
Forsvarar Anders Folkman meiner kravet om 3,5 års fengsel er alt for strengt, og peikar på at den tiltalte vedgjekk skuld like før rettssaka starta.
Statsadvokat Bjørn Soknes avviser dette og seier 37-åringen tilstod for seint til at det kan vere formildande i straffeutmålinga.
Erstatningskrav til familien
Bistandsadvokaten til familien har også kravd 10.000 kroner i erstatning til familien til den avdøde kvinna. Folkmann seier dette har vore ein tung prosess for hans klient, men at han no er budd på gjere opp for seg.