Hopp til innhold

Arbeidstilsynet vil krevje einerom for sesongarbeidarar

VIK (NRK): Krav om enkeltrom kan bety kroken på døra for norske frukt- og grøntprodusentar.

Omar Vangsnes

KATASTROFALT: – Eg trur faktisk at det vil vere katastrofalt, ikkje berre for bærnæringa i Sogn, men faktisk for heile frukt- og grøntnæringa i Norge, seier Omar Vangsnes i Sognebær.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dette er meir eller mindre umogleg å få til, seier Omar Vangsnes i Sognebær i Vik kommune.

Varsel om pålegg

Bærbonden produserte vel 90 tonn bringebær i år, men fryktar det i framtida kan bli null om han må møte kravet som Arbeidstilsynet vil innføre.

Ifølgje Sogn Avis har Arbeidstilsynet denne veka sendt varsel om pålegg til fleire bærprodusentar om einerom. Om ikkje kan det vanke store bøter.

Soveromma Omar Vangsnes har til sesongarbeidarane sine.

INGEN KLAGER: – Det er ofte vener eller kjærastepar som ynskjer å bu saman. Folk har jobba her i 28 år og ingen har ynskt enkeltrom. Det skulle vel seie sitt om dei er nøgde eller misnøgde, seier Omar Vangsnes om standarden på romma han tilbyr.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vangsnes meiner kravet vil vere katastrofalt for ei næring som i fjor produserte over 227.000 tonn bær, frukt og grønt.

– Det blir nesten uråd å få på plass til kommande sesong. For det andre vil det koste så mykje at det ikkje er økonomisk forsvarleg, seier Vangsnes.

Ledige store delar av året

I fjor søkte vel 4.000 om produksjonstilskot til potet, grønsaker og frukt og bær. Mange av desse leiger hjelp til innhaustinga.

Vangsnes husar sjølv kring 120 sesongarbeidarar fordelt på mellom 40 og 50 to- og tremannsrom. Dette er rom som står ledige store delar av året.

– Vi brukar romma hovudsakleg i seks til åtte veker. Vi har ikkje problem med å tilby einerom til dei som jobbar lengre. Hausthjelpa blir det derimot problematisk å gi einerom, seier Vangsnes.

– Prinsippsak

I Sogn og Fjordane har ti bønder fått varselet etter eit tilsyn på seinsommaren.

Seniorinspektør Frode Skjerven i Arbeidstilsynet meiner produsentane bør tilpasse produksjonen etter kor mange arbeidarar dei kan huse.

Frode Skjerven

FORSTÅR: – Eg forstår at dette er dramatisk for bøndene. Spesielt for dei som har store bruk og mange tilsette, men no er dette i første omgang eit varsel, seier seniorinspektør Frode Skjerven.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Det er store skilnader i bruka. Nokre har 10–20 bærplukkarar, andre 60–70. Kvar enkelt må ta inn dei bærplukkarane som dei klarer å handtere, seier han og legg til at bøndene kan svare på eit varsel og eventuelt klage på eit vedtak.

– Er det ei prinsippsak, der de prøver å trekkje grenser for kva reglar som gjeld for gjestearbeidarar?

– Ja, for vi har eit regelverk. Byggjebransjen handhevar praksis med enkeltrom. Vi ynskjer ein standard for bransjen.

Lyn frå klar himmel

Liv Signe Navarsete i debatt

VIL HA SVAR: Liv Signe Navarsete og Senterpartiet vil ta saka opp med departementet. – Vi må sjå om det ikkje er mogleg å finne rimelegare løysingar som varetek både dyrkarane og sesongarbeidarane, seier Navarsete.

Foto: NRK

Næringa har allereie kontakta stortingspolitikar Liv Signe Navarsete (Sp) og teke dette opp med Gartnerhallen sentralt. Også NHO Mat og Drikke er kopla inn.

Navarsete seier kravet kjem som lyn frå klar himmel.

Ho vil finne ut om det er initiert av Arbeids- og sosialdepartementet eller om det er Arbeidstilsynet sjølve som står for det.

– Sesongarbeidarar skal ha gode arbeidsvilkår og buforhold, men dette tykkjer eg er å gå vel langt. Eg har heller ikkje registrert at det er eit krav frå sesongarbeidarane, seier ho.

Senterpartiet vil ta saka opp med statsråden.

– Sunn fornuft er alltid ein god veg å gå, men vi må finne ut kva som eigentleg ligg bak her, seier ho.