Hopp til innhold

Krav frå vest og nord: Turistskatt kan løysa toalettkaoset

I sommar har turistane møtt stengde toalett både i Sogn og Lofoten, og attraksjonar er blitt øydelagde av skit og dopapir. Men Regjeringa seier nei til turistskatt som kunne ha løyst krisa.

Mobiltoalett på Stegastein

EKSTRA-DO: Statens vegvesen sette før helga opp eit mobilt toalett ved det nasjonale turistpunktet Stegastein i Sogn. Dei andre arkitektdesigna toaletta har hatt store vanskar i sommar.

Foto: Noralv Distad

– Ein turistskatt ville ha gitt ei god finansiering av toalett- og søppelhandteringa på godt besøkte reisemål, seier reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Sogn.

I sommar har langvegsfarande turistar møtt stengde toalett på populære attraksjonar fleire plassar i landet, seinast i førre veke ved det spektakulære utkikkspunktet Stegastein over fjorden i Aurland, reiselivskommunen med Flåmsbana og éin million besøkjande i året.

– Sjå til Skottland, Austerrike, Sveits og Italia. Der betalar turistane skatt – på restauranten, på hotellet eller på museet. Pengane går inn til ein felleskasse som dekkjer fellesgode, som toalett, søppelhandtering og parkanlegg, seier Brandshaug.

Toalettpapir i naturen - Stegastein

BAKSIDA AV TURISTSUKSESSEN: Ved det populære utkikkspunktet Stegastein på den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet i Sogn har dopapir flote i naturen i sommar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Folk sørpå har ikkje forstått

Turistmagnetane både i Sogn og Lofoten er i sommar blitt skjemma av skit og dopapir frå besøkjande som har gjort frå seg i naturen.

Det har fått Dagrun Eriksen, Nordland KrF sin fyrstekandidat til stortingsvalet, til å lova å innføra turistskatt viss partiet får makta den neste stortingsperioden.

Ståle Brandshaug

JA TIL TURISTSKATT: Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Sogn.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Sørpå har dei ikkje skjønt kor stor belastning Lofoten blir utsett for. Så også turistane må vera med på eit spleiselag, og då kan ein turistskatt til eit felles fond skaffa pengar til slik naudsynt infrastruktur, sa Eriksen til NRK i førre veke.

Dagrun Eriksen i Lofoten

JA TIL TURISTSKATT: Dagrun Eriksen i KrF varslar omkamp om Stortingets nei til turistskatt.

Foto: Andreas Trygstad / NRK

Nei til skatt

Men både NHO Reiseliv og regjeringspartia seier nei. Regjeringa meiner høgare kostnader kan føra til at Norge tapar reiselivskonkurransen og vraka difor turistskatten i ei stortingsmelding i mars i år.

Statssekretær Dilek Ayhan (H)

NEI TIL TURISTSKATT: Statssekretær Dilek Ayhan (H) i Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Nærings- og fiskeridepartmentet

– Også Stortinget sa etterpå nei til å innføra nasjonal turistskatt, noko Regjeringa er glad for. Ein slik skatt er ikkje vegen å gå. Noreg har allereie eit høgt kostnadsnivå, og det er viktig at me held kostnadane nede viss reiselivsnæringa skal vera konkurransedyktig med andre land, seier statssekretær Dilek Ayhan (H) i Nærings- og fiskeridepartementet.

Ekstra-do

Dei stengde toalettdørene på attraksjonen Stegastein blei ein verkebyll. No er doen reparert til neste gong han går tett, og det blei før helga sett opp eit mobilt toalett.

Reiselivssjef Brandshaug meiner NHO Reiseliv, statssekretær Ayhan og Regjeringa tek feil når dei seier at ein skatt vil skremma vekk turistane.

– Det er berre tull. Her snakkar me om 5–15 kroner på toppen av det du allereie betalar. Legg du ut 1250 kroner for eit hotellrom, skremmer det ikkje vekk turistane om du må betala 1260 kroner. Så det argumentet kjøper eg ikkje.

Helena Sancho Idoate, turistguide

– GIR DÅRLEG INNTRYKK: Guide Helena Sancho Idoate måtte be bussturistane halde seg til dei kom ned til Aurland.

Foto: Sondre Dalaker / NRK