Hopp til innhold

Kratt- og grasbrann i Hyllestad

Brannmannskap rykka laurdag ettermiddag ut til ein gras- og krattbrann ved Leirvik i Hyllestad.

Hyllestad

– Brannen skal vere under kontroll, seier Terje Birkeland ved Alarmsentralen i Florø.

Melding om brannen kom like før kl. 17. Tre brannbilar rykka ut til staden.

– Brannmannskapet i Hyllestad får hjelp av mannskap frå Lavik. I tillegg er Sivilforsvaret kalla ut, seier han.

Det har brunne i både inn- og utmark. Klokka 21 seier Birkeland at brannmannskap er i ferd med å avslutte.

– Sivilforsvaret var framme for ein halvtime sidan. Vi kjem til å ha vakter på staden utover kvelden.

Det er førebels uvisst kva som har ført til at det byrja å brenne. Operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt seier brannen er på Stigestrand ved Leirvik.

– Det er ikkje fare for verken bygningar eller personar, seier han.