Hopp til innhold

Konkluderte med lovbrot: «Kan gjere det utrygt for ungdomane på institusjonen»

Tilsyn avdekte manglande førebygging og handtering av konfliktar, som «kan gjere det utrygt for ungdomane på institusjonen».

Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd Meltunet

MANGLANDE RUTINAR: Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet på Nordfjordeid, fekk krass kritikk etter at Fylkesmannen gjennomførte tilsyn.

Foto: Bufetat

Det var i mai i år at Fylkesmannen gjennomførte eit tilsyn ved den statlege ungdomsheimen på Nordfjordeid, Meltunet. Institusjonen tek inn ungdomar frå 12 til 18 år.

I rapporten etter tilsynet kjem Fylkesmannen med krass kritikk på fleire område. Dei meiner at det også har skjedd lovbrot.

«Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad førebygging og handtering av konfliktsituasjonar, noko som kan gjere det utrygt for ungdomane på institusjonen», er ein av hovudkonklusjonane i rapporten.

– Det blir utrygt dersom det ikkje er forutsigbart. Og for at det skal vere forutsigbart må institusjonen ha rutinar for korleis enn møter ungdommar i utfordrande situasjonar, seier seksjonsleiar Hanne Sæbø hos Fylkesmannen.

Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet

BUR TETT: Ungdomane ved Meltunet har felles kjøkken og bur tett. Leiinga ved institusjonen har mangla rutinar for konflikthantertering, slår Fylkesmannen fast.

Foto: Bufetat

Fleire funn

På fleire område får institusjonen kritikk for manglande oppfølging av hendingar.

  • «Det er ikkje dokumentert korleis leiinga bruker informasjon om konfliktar, valdsepisodar, trugsmål og tvangsbruk i styring av verksemda.»
  • «Vi kan ikkje sjå at institusjonen har klare rutinar for konflikthandtering eller system rundt kvar enkelt ungdom som gjer det mogleg å handtere vanskelege situasjonar på forsvarleg måte og utan unødig bruk av tvang.»
  • Vi har fått opplyst at episodar med vald og trugsmål mellom ungdommar vert dokumenterte i sakshandsamingssystemet, men slike episodar vert ikkje systematisk følgde opp.

– Det kan oppstå situasjonar mellom ungdommane eller mellom ungdom og vaksne. Manglande rutinar kan føre til fare for liv og helse, eventuelt skade på ting eller person, seier Sæbø.

Etter funna som vart gjort kom Fylkesmannen med tydelege krav til utbetringar.

– Dei har no sett i verk tiltak for førebuing og handtering av konfliktar, risikovurdering og sendt oss skjema for faglege avvik, seier Sæbø.

Traumeomsorg

På heimesidene til Bufetat blir Meltunet presentert som eit senter der ein jobbar med traumebevisst omsorg. Målet er at barn og unge som bur på institusjon får hjelp til å regulere kjenslene i trygge rammer.

– Vi tek kritikken frå Fylkesmannen på alvor. Vår vurdering er at vi har klart å vareta ungdommane på institusjonen godt, men at vi ikkje har klart å dokumentere det godt nok, seier Anne Merete Ødven, einingsleiar ved Sogn og Fjordane ungdomssenter.

– Kva slags uheldige situasjonar kan oppstå som følge av at ein manglar rutinar?

– Vi jobbar med ungdommar som er i ein vanskeleg livssituasjon. Difor vil det med jamne mellomrom oppstå krevjande situasjonar. Vi meiner vi gjer gode faglege vurderingar i dei situasjonane, men arbeidet har ikkje vore godt nok dokumentert. Det er viktig å dokumentere i offentleg verksemd, det veit vi, og det gjer vi no i større grad, seier Ødven.

Fylkesmannen har no vurdert forbetringane som tilstrekkelege og difor avslutta tilsynet.