Hopp til innhold

Energiselskap får krass kritikk etter Dagmar-orkanen

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) er svært kritiske til manglande rutinar og beredskap hos Stryn energi. Dei har avdekkja ei rekkje alvorlege avvik hos verksemda etter orkanen Dagmar.

Lo-Vik Camping

KNUST: Ekstremveret Dagmar førte til store skader, mellom anna her på Lovik camping i Loen.

Foto: Arne Vik

NVE gjennomførte eit tilsyn med Stryn energi i oktober for å kartleggje korleis selskapet oppfyller krav etter forskriftene knytta til beredskaps- og energilovene. Eit tilsyn som avdekka heile elleve avvik og ein merknad, fortel NVE i ei pressemelding.

Stryn Energi var eit av selskapa som vart hardast ramma av ekstremvêret Dagmar for to år sidan, og tilsynet er ei oppfølging av det.

– Vi fører kontinuerlig tilsyn med energiselskapa i heile landet. Dette for å sjå at dei etterlever dei krav dei skal, som skal sikre at kraftforsyninga ut til kundane er optimal . Det er ikkje kvardagskost å finne så mange avvik i eit selskap, seier Ingunn Åsgard Bendiksen, direktør for tilsyn og beredskap i NVE.

Alvorlege manglar

Det er mellom anna mangel på planverk for systematisk vedlikehald av anlegg, mangel på rutinar for kontroll av anlegg og for dårleg planverk for beredskap og øvingar som er påpeika.

– Bakgrunnen for tilsynet er Dagmar for knappe to år sida. Vi har medvite prioritert tilsyn for å avdekke tilstanden i ulike nettselskap no. Vi var i Stryn som ein ein del av den tilsynsoppfølginga, og fann ein god del avvik i høve regelverk og kva som er fornuftig å gjere av tiltak, seier Arthur Gjengstø, leiar for beredskapsseksjonen i NVE, til NRK.

Han meiner at det mest alvorlege er mangelen på systematiske risikovurderingar, vedlikehald og beredskap.

– Vi har også avdekka at ein ikkje synes å ha tilgang på materiell og ressursar til å handtere nye, store krisesituasjonar som Dagmar. Det er alvorleg. Vi har fatta vedtak om å lukke alle desse avvika innanfor ein relativt kort tidsperiode, seier Gjengstø.

– Aukar risikoen

Han seier vidare at NVE no stolar heilt på at Stryn energi vil gjere alt dei kan for å rette opp avvika.

– Det auker jo risikoen for nye utfall når ein ikkje driv systematisk med vedlikehald. Det aukar også risikoen for at det tek lengre tid å rette opp feil på nettet når ein ikkje har tilgang på det ein treng av ressursar til å handtere nye ekstraordinære situasjonar, sler Gjengstø fast.

– Kor vanleg er dette?

– Vi finn ofte avvik, men dette er eit unntakstilfelle når det gjeld talet på avvik og kva avvik det er snakk om. Dei har no behov for arbeide med heilskapen når det gjeld vedlikehald og beredskap, og det stolar vi fullt ut på at selskapet no tek tak i.

– Legg oss heilt flate

Jan Træen er direktør i Stryn energi, og har kjend til innhaldet i den kritiske tilsynsrapporten. Han seier at energiselskapet no legg stor vekt på å få lukka avvika som NVE har peika på.

– Vi må leggje oss heilt flate. Det er opplagt at det burde vore prioritert høgare tidlegare. Vi har jobba ein del med det, saman med konsulent, men det er tydelegvis ikkje godt nok, seier Træen til NRK.no.

Han hevdar at Stryn energi no er i ein posisjon til å kunne takle nye, store utfordringar a´la Dagmar, og dei sjølvsagt vil følgje opp det NVE krev av dei.

– Vi har gjort endringar , gjort ein jobb. Vi har fått på plass ny beredskapsplan, men tydelegvis er det ikkje godt nok det vi har. Vi får no berre ta det pålegget vi har fått og rette det opp, slik at det blir slik det skal vere.