NRK Meny
Normal

Legevikarbyrå til kommunetilsett: "Du er slangen i paradis"

«Du er slangen i paradis». Slik vart ein norsk kommunetilsett omtalt etter at han kritiserte det omstridde danske legevikarbyrået NordVik.

Kim Gundersen

STYGG EPOST: Kim Gundersen fekk høyre at han var 'slangen i paradis' då han kritiserte legevikarfirmaet NordVik. Selskapet rekrutterer årleg 300-400 legar til Norge, men får no massiv kritikk frå legevikarar og norske kommunar.

Foto: Privat

–Eg synest dette er veldig uprofesjonelt frå ein stor aktør i vikarbransjen for legevikarar, seier Kim Gundersen, personalrådgjevar i Jondal kommune.

Kommunen stiller seg særs kritisk til måten det danske vikarbyrået NordVik har behandla dei på.

Då Gundersen protesterte mot at NordVik nekta å betale ut sjukepengar til ein dansk vikarlege som var sjuk, svarte vikarbyrået i ein epost med å karakterisere Gundersen som «slangen i paradis». Etter dette kutta kommunen all kontakt med selskapet.

(Saka held fram under biletet)

Epost frå Transmedica-Nordvik

'SLANGE I PARADIS': I ein epost til Jondal kommune kjem karakteristikken av Kim Gundersen fram.

– Ja, vi har kutta ut alt samarbeid med firmaet. Det er ikkje berre eposten om at eg skal vere slangen i paradis som er grunngjevinga. Dei verkar rett og slett uprofesjonelle, seier Gundersen.

Fleire legar skuldar selskapet for avtalebrot

Det danske vikarbyrået NordVik, som årleg rekrutterer mellom 300 og 400 legar til Norge, får massiv kritikk også frå andre hald. Fleire danske legar som tidlegare har jobba i vikariat i Norge står no fram i danske Dagens Medisin med krass kritikk av NordVik. Legane hevdar mellom anna at selskapet lovar betre løn og vilkår enn dei kan halde.

Rusa på jobb

Også i Sogn og Fjordane har det vore problem knytt til NordVik. Tre danske legar som jobba ved Nordfjord legevakt er alle under gransking frå norske helsestyresmakter for kritikkverdige forhold. Den eine legen er under gransking fordi han var rusa på jobb ved Nordfjord legevakt. Han er mellombels fråtatt autorisasjonen.

Nekta å ta imot dødssjuk

Den endre legen er tiltalt for aktlaust bildrap etter at han på veg heim frå jobb ved Nordfjord legevakt, i pillerus og altfor høg fart, krasja med ein motgåande bil. Ei seksbarnsmor i 40-åra omkom. Den tredje legen er under gransking fordi han nekta å ta imot ein dødssjuk mann i 60-åra.

Personalrådgjevaren i Jondal seier dei ikkje kunne handtert saka på noko anna vis.

– Nei, eg kan ikkje sjå at vi har gjort noko gale. Vi har engasjert oss i at legevikaren skulle få betaling då han var sjuk. Det står vi for, seier Gundersen.

Får trugande og aggressive svar tilbake

Fleire av dei danske legane som står fram i Dagens Medisin har fått aggressive og uhøflege epostar frå NordVik sin administrerande direktør Mikael Palm. NRK har fått tilgang til fleire av desse epostane. Ein av legane som har opplevd dette er Javed Akram.

Jved Akram

VERKA TRUGANDE: Javed Akram opplevde å få aggressive og trugande epostar frå den administrerande direktøren i NordVik, Mikael Palm.

Foto: Joachim Rode

– Han har ikkje halde seg til inngåtte avtalar, og då eg konfronterte han med avtalebrota på ein høfleg måte, var han aggressiv og trugande i epostane han sende meg. Dette opplevde eg i 2012 då eg hadde eit legevikariat i Norge via NordVik. Også i år har eg opplevd NordVik på ein svært ubehageleg måte, etter at eg valde eit anna vikarbyrå enn NordVik, fortel Akram.

Truga med søksmål

Akram skal også ha blitt truga med søksmål då han sa frå til administrerande direktør i NordVik at han ville gå til media med opplysningane knytt til avtalebrota.

– Han truga med at han ville saksøkje meg og krevje økonomisk erstatning. Han truga også med at eg aldri ville få jobb igjen via eit vikarbyrå dersom eg offentleggjorde dei trugande epostane han hadde sendt meg, seier Akram

Akram er ikkje overraska over at vikarlegar som er rekrutterte via NordVik har stått bak episodane ved Nordfjord legevakt.

– Ein får inntrykk av eit firma der det berre handlar om å tene mest mogleg pengar og at dei har forretningsmetodar som er uetiske. Useriøse og samvitslause firma som NordVik greier ikkje å halde oppe den kvalitet som er nødvendig, dessverre. Forholda med dei tre legane ved Nordfjord legevakt overraskar meg difor ikkje, seier Akram.

Vil ikkje uttale seg til NRK

NRK har ei rekkje gonger dei siste par månadane prøvd å få Mikael Palm i tale, men utan å ha lukkast. Han har hemmeleg telefon, og kollegaene vil ikkje formidle telefonnummeret hans. Palm fekk for fleire dagar sidan oversend kritikken mot seg på epost, men han har ikkje gjeve noko svar tilbake.

Heller ikkje NordVik sin representant i Norge vil kommentere kritikken. Det siste NRK har høyrt frå Palm var ein epost for nokre veker sidan, då han bad NRK om ikkje å kontakte NordVik igjen, korkje via epost eller telefon.

Vegopning på Bergum i Førde kommune