Hopp til innhold

Krasja, men fekk ikkje ringe hjelp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ei jente i slutten av tenåra er sendt til sjukehus i Ålesund etter ei trafikkulukke i Bremanger. På grunn av vanskeleg mobildekning vart ulukka varsla like før klokka 17.

Ulukka ved Oldeide skjedde like over klokka 15, men politiet opplyser at dei mellom anna på grunn av vanskeleg mobildekning på staden vart varsla halvannan time seinare.

– Ein personbil kom opp frå ferjeleiet på Oldeide og sklei i krysset slik at den kom over i motsett køyrefelt og kolliderte med ein møtande bil, opplyser politiet.

I tillegg til jenta i tenåra vart ein mann i 40-åra sendt til lokal legevakt for kontroll. Politiet omtalar ulukka som ei trafikkulukke med lettare personskade. Det skal ha vore somme stader glatt på staden.