Hopp til innhold

Krasja og stakk av - begge bilar vraka

Bilen som køyrde på og vraka Geir Bareksten sin bil på Vassenden i Jølster i natt, er no funnen. Politiet ber om tips for å finne føraren.

Bilar
Foto: Geir Bareksten

Etter å ha køyrt av E39 og krasja, stakk bilen av i retning Førde.

– Bilen er funnen på Bruland i Førde, sterkt skadd og ikkje køyrbar lenger. Vi har og fått tips om at folk har sett bilen stoppa med panseret ope eit par plassar mellom Jølster og Førde, seier lensmann på Jølster, Knut Skurtveit.

Ynskjer tips

– Vi har ikkje kome i kontakt med dei som køyrde bilen. Vi veit kven sin bil det er, men vi veit ikkje kven som har køyrt bilen, seier lensmannen.

No ynskjer politiet tips frå folk som kan hjelpe dei med å finne føraren.

– Sannsynlegvis har denne personen eller desse personane haika eller gått frå området ved Bruland. Vi ynskjer tips frå folk som har vore i området rundt klokka 06, seier Skurtveit.

– Ikkje tvil om at det er bilen

Geir Bareksten er sikker på at bilen som er funnen på Bruland er den same som køyrde på hans bil.

– Ja, det er ikkje tvil. Dei delane som manglar frå bilen låg att på tunet mitt, og skadane stemmer med der bilen har treft.

Bareksten sin bil er heller ikkje køyrbar etter hendinga.

– Det har vore ein kraftig smell. Eg fann bilen då eg skulle på jobb. Bilen er vraka, eg kan ikkje bruke han, seier Bareksten.