Politiet fekk melding om ulukka på E39 klokka 19.09 søndag kveld.
– UP hadde kontroll ved Skei i Jølster, og forsøkte å stoppe ein bil i retning Førde. Bilen stoppa ikkje, og patruljen sette på sirener og blålys, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Bengt Næss.
I grøfta
Men føraren av bilen kom seg ikkje langt. Etter eit par hundre meter, med politiet like bak seg, køyrde han av vegen og inn i ei gravemaskin.
Ifølgje politiet er føraren av bilen lettare skadd, og teken med til Førde sjukehus for sjekk.
Årsaka til ulukke er ikkje kjent, men det blir gjort rutinemessig undersøking av føraren.
Spesialeininga varsla
– Kva konsekvensar det får at føraren stakk av, vil tida vise. Først blir det gjort ei medisinsk vurdering av mannen, seier Næss i politiet.
Spesialeinga for politisaker er rutinemessig varsla om saka.