Hopp til innhold

Kranglefantar heldt politiet med arbeid

Ein mann i 20-åra kan vente seg eit oppgjer med lovas lange arm etter at han i natt fann det for godt å spytte på ein polititenestemann utanfor eit hotell i Loen.

Politinatta

I 02.30-tida natt til laurdag vart politiet ringt opp frå eit hotell i Loen i Nordfjord.

To menn, ein i 20-åra og ein i 40-åra, hadde barka saman i slagsmål og laga bråk.

Spytta på politiet

Politiet reiste til staden og fekk tak i dei to, men den yngste av dei sette seg opp mot politiet.

Operasjonsleiar Espen Gulliksen ved politiet sin operasjonssentral i Florø seier mannen var utagerande og mellom anna spytta på politiet då dei ville ta han med seg.

– Dette er ikkje noko kjekt på oppleve, konstaterer operasjonsleiaren.

Etter eit lite basketak fekk politiet med seg mannen i 20-åra. Både han og mannen i 40-åra vart frakta til arresten i Førde.

Husbråk

Også andre stader i fylket er politiet sett i sving i vinternatta.

I 00.30-tida fekk politiet melding om husbråk på ei privat adresse i Florø. Politiet reiste til staden og fekk roa gemytta. Dei involverte var rusa.

Ei tid seinare måtte politiet hjelpe dei tilsette på ein serveringsstad i sentrum av Florø. Ein person var nekta å kome inn på grunn av uanstendig oppførsel. Den rusa personen vart køyrd heim av politiet.

Litt over klokka 02 i natt var det politiet i Sogndal som fekk besøk i patruljebilen. Ein rusa person hadde ramla og slått seg utanfor ein utestad. Vedkommande var å rekne som lettare skadd og fekk skyss heim.