Vågsøy kommune legg barnevernssamarbeid på is - det gjer naboordføraren rasande

Rett før arbeidet med felles barnevern i Ytre Nordfjord var kome i mål legg Vågsøy kommune arbeidet på is. No sit nabokommunane att med millionutgifter og mykje vekkasta tid. Ordføraren i Selje, Ottar Nygård er rett og slett forarga.

Nygård og Hagen

IKKJE POPULÆRT: Selje-ordførar Ottar Nygård (f.v.) har lite godt å seie om at Vågsøy og ordførar Morten Hagen legg barnevernssambarbeidet på is.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I tillegg har Vågsøy skrinlagt arbeidet med meir interkommunalt samarbeid med Selje og Eid.

– Eg er veldig skuffa over det som skjer. Eg tykkjer det er dårleg handverk, for å vere heilt steikje ærleg, seier ein tydeleg provosert Nygård.

Det som skulle bli til meir samarbeid og tettare band fører no til politisk oppvask mellom naboane Selje, Eid og Vågsøy. År med arbeid og millionutlegg kan også vere vekkasta.

Andre prosjekt som stoppar på kort tid

For ikkje lenge før arbeidet med felles barnevern skulle vere sluttført bestemte nyleg formannskapet i Vågsøy å legge arbeidet på is til over nyttår.

Bakgrunnen er at dei vil sjå an kva kommunar som vil slå seg saman med Vågsøy i ein framtidig kommunestruktur.

Dette skjer samstundes som Vågsøy i sommar trekte seg ut av eit prosjekt med meir interkommunalt samarbeid mellom dei same tre nabokommunane.

Vågsøy varsla heller ikkje naboane på førehand om at dei vurderte å trekke seg ut. Denne veka kom ein kort e-post med melding om vedtaket.

– Dette er andre prosjektet dei stoppar på kort tid, tordnar Nygård.

Alfred Bjørlo (V) under fylkestinget i Førde 12. mai 2013.

LITE NØGD: Eid-ordførar Alfred Bjørlo er kritisk til det som no skjer.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Også venstreordførar i Eid, Alfred Bjørlo, er kritisk. Han meiner det er mogleg å få på plass barnevernssamarbeidet sjølv om debatten om kommunesamanslåing går føre seg.

– Dette er aller mest beklageleg innanfor barnevernet, der vi har eit veldig stort behov for å få til større fagmiljø og gode tenester på tvers av kommunegrenser. Eg tykkjer dette er sterkt beklageleg, seier Bjørlo.

Meiner ting heng i hop

Men ordførar i Vågsøy, Morten Hagen frå Høgre meiner det er naturleg å legge samarbeidet på is. Han vil ikkje setje i gang nye store prosjekt før ein veit kva som skal vere kommunegrensene.

– Vi har sjølv sendt ein invitasjon til å setje i gang ein diskusjon rundt ny kommunestruktur, og vi vil sjå kven som vil snakke med oss, før vi går vidare med det interkommunale samarbeidet. Vi meiner det heng i hop, seier Hagen.

– Ordførarane i nabokommunane kritiserer prosessen og meiner at dersom ein vurderte dette politisk, burde ein hatt ein dialog om det i framkant av vedtaket. Er ikkje det eit poeng?

– Det kan godt vere eit poeng. No er det slik at diskusjonen om barnevern kom opp på formannskapet i førre veke. Eg meiner dei er blitt informert med ein gong dette vart avgjort, seier Hagen.

Får ei saftig ekstrarekning

Alfred Bjørlo seier saka også har ei økonomisk side. Kommunane hadde saman tilsett ein eigen prosjektarbeidar over to år for å jobbe mot meir interkommunalt samarbeid, ein person som no har mista oppgåvene sine.

Også innan barnevern hadde kommunane lagt ned mykje tid og krefter, i tillegg har Fylkesmannen gått inn med pengar til prosjekta, midlar som no kan bli trekte tilbake.

– Det vi veit frå det første prosjektet som vart avbrote, er at vi får ei ekstra rekning i desse kommunane på 750.000 som vi må finne dekning for i Selje, Vågsøy og Eid. Og det er i tillegg til den millionen ein allereie har brukt på dette prosjektet, seier Bjørlo.

Ottar Nygård i Selje meiner Vågsøy er uryddige, og saknar avklaring på korleis rekninga frå havarerte samarbeidsprosjekt skal plukkast opp.

Ikkje akkurat pang-start på samarbeidet

Selje kommune har takka ja til invitasjon frå Vågsøy om å drøfte kommunesamanslåing, men Nygård meiner dei no ikkje har fått ein god start på arbeidet.

– Nei, eg tykkjer ikkje det. Eg tykkjer dei burde ta handa frå munnen og invitere nabokommunane inn og ha ein heilt annan type dialog enn det ein no held på med, seier Nygård.

I sommar sende Vågsøy kommune ut invitasjon frå Florø i sør til Vanylven i nord og Eid i aust for å finne ut om naboane er interesserte i samanslåing. Trass i at både Eid og Selje var blant dei som blei fridd til, meiner Hagen at Vågsøy gjer rett i å vente på situasjonen.

– Selje har svart at dei ønskjer å sjå på slike diskusjonar. Eid har vi førebels ikkje fått noko svar på. At prosessen dreg ut i tid heng nok også på andre kommunar, seier Hagen.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.